Hopp til innhald

Fagstoff

Teikneanalyse – rablestadiet

Denne teikninga av Terje på to år er typisk for rablestadiet.
Abstrakt barnetegning. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Blanding av tilfeldig og kontrollert rabling

Denne teikninga av Terje på to år er typisk for rablestadiet. Ho er ei blanding av tilfeldig og kontrollert rabling. Teikninga begynte med nokre prøvande forskjelligarta strekar og former. Desse er laga med nokså lett trykk på fargestiften og utan særleg kontroll over rørslene. Etter å ha skifta grep på fargestiften laga Terje to kraftige seriar med svingrablingar. Her hadde teikninga meir preg av kontroll. Svingrabling er ei motorisk rørsle som innbyr til kraft og fart, noko som tydeleg kjem fram her. Rableseriane blei laga utan at stiften blei løfta frå arket. Teikninga inneheldt ikkje typiske rundrablingar, men blei avslutta med forsøk på å teikne to kontrollerte rundingar.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Knut Høihjelle.
Sist fagleg oppdatert 01.02.2019

Læringsressursar

Lowenfeld sine teiknestadium