Hopp til innhald

Fagstoff

Modell for kommunikasjon

Du som skal jobbe i helse-, sosial- og oppvekstsektoren, vil treffe mange ulike menneske kvar einaste arbeidsdag. Måten du kommuniserer på, er viktig for at du og brukarar, pårørande og kollegaer skal kunne dele tankar, kjensler og meiningar med kvarandre.
Tovegs kommunikasjon, sendar - bodskap - mottakar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når noko vert gjort i fellesskap, vert det tilgjengeleg for alle som er involverte i situasjonen. Men vi har ingen garanti for at det som blir gjort tilgjengeleg, blir oppfatta likt av alle.

Kjenneteikn ved sender

Sendaren er personen som formidlar bodskapen, han som vil gjere noko felles. Det ser ut til at nokre eigenskapar ved sendaren av bodskapen gjer bodskapen meir truverdig. Vi høyrer meir på ein person vi ser opp til – ein modell vi ønskjer å likne – enn på ein vi misliker eller tek avstand frå. Det er òg ein tendens til at vi høyrer meir på personar som liknar på oss sjølve, enn på personar vi ikkje klarer å identifisere oss med. Du fremjar god kommunikasjon ved å vere medviten om korleis du best kan få fram bodskapen. Derfor må du som fagarbeidar ha kunnskap om korleis du kan bli ein best mogleg sendar i ein kommunikasjonssituasjon.

Kjenneteikn ved bodskapen

Bodskapen er det vi ønskjer å formidle. Det kan vere krevjande å kommunisere slik at bodskapen blir oppfatta riktig. Som fagarbeidar bør du ta deg tid til å kontrollere at viktige bodskapar er oppfatta på riktig måte.

Kjenneteikn ved mottakar

Psykologar meiner at vi menneske har ein viss verknad på kva for bodskapar vi tek inn, og kva vi ikkje vil la oss påverke av. Fire forhold som ser ut til å ha verdi for kva vi let oss påverke av, er

  • evne til å tenkje positivt om andre menneske, i dette tilfellet sendaren av bodskapen
  • motstand mot å bli overtalt
  • sjølvoppfatning
  • persepsjon

Som fagarbeidar vil du i nokre situasjonar vere sendar og i andre situasjonar mottakar. Det er viktig at du er merksam på desse fire punkta når du er mottakaren i kommunikasjonen.

Helsefagarbeidar og eldre pasient i hyggelig samvær. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er persepsjon?

Persepsjon er måten vi tek imot og tolkar signal på som sansane våre tek imot.

Vi ser på eit døme:
To personar ser den same hunden. Den eine personen er glad i hundar, og synest ho ser ein snill hund. Den andre er redd for hundar og synest hunden ser farleg ut. Dei to personane ser akkurat det same, men dei oppfattar det ulikt. Det kjem av måten dei tolkar det dei ser på. Persepsjonen er påverka av tidlegare erfaringar og læring.

Støy

I kommunikasjonssamanheng er støy eit fellesnamn på alt som gjer at bodskapen ikkje blir oppfatta slik han var meint. Det kan vere støy frå maskiner eller andre menneske, men òg at sendaren pratar utydeleg eller for lågt.

Kommunikasjonsmedium

Når bodskapen skal sendast til mottakaren, må sendaren avgjere i kva for form han skal gjere det. Han kan prate med folk, sende eit brev, teikne, vise ein film, bruke MSN eller sende ein SMS – eller velje noko heilt anna. Måten bodskapen blir send på, blir kalla kommunikasjonsmedium. Han kan òg velje kroppsspråket sitt som kommunikasjonsmedium.

Utfordringar til deg:

  1. Teikn ein kommunikasjonsmodell.
  2. Kven er sendar og mottakar, og kva er bodskapen? Diskuter kva som kjenneteiknar ein sendar som er god til å formidle bodskapen sin.
  3. Kva er støy i denne samanhengen?
  4. Kva er eit kommunikasjonsmedium?
  5. Kva for måtar å kommunisere på ser du på teikninga under? Kjem du på andre måtar å kommunisere på?
Ulike menneske kommunisere på ein kafe. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-NC-SASkrive av Kjell Arne Standal og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 02.03.2020

Læringsressursar

Kommunikasjonsprosessen