Hopp til innhald

Fagstoff

Namn på hjørne og sider i trekantar

I systemet for namnsetjing av hjørne og sider i trekantar, bruker vi stor og liten versjon av bokstavane a, b og c.
Gamle målemetodar. Illustrasjon.

Det er lurt å ha eit system når vi set namn på hjørne og sider i trekantar. Hjørna namngir vi med store bokstavar, og sidene med små bokstavar. A kan òg vise til vinkelen A eller A.

I staden for trekant ABC skriv vi ofte ΔABC.

I ΔABC kallar vi sida BC for a, sida AC for b og
sida AB for c.

Rettvinkla trekant ABC der liten a er motståande side til vinkel stor A og tilsvarande for dei to andre vinklane. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Finn du systemet?

Sida a er den motståande sida til hjørnet A, sida b er den motståande sida til hjørnet B, og sida c er den motståande sida til hjørnet C. Dette gjeld anten trekanten er rettvinkla som på figuren over, eller ikkje.

CC BY-SASkrive av Stein Aanensen, Olav Kristensen og Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 03.07.2019

Læringsressursar

Trigonometri