Hopp til innhald

Fagstoff

Å beskrive skrift

Frå det enorme utvalet av fontar med alle moglege former og uttrykk kan du kanskje sjå likskap og fellestrekk mellom ein del av dei. Fontar som liknar kvarandre, er ofte medlemmer av same skriftgruppe.
Bokstaver i tre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I tillegg til dei mest brukte skriftgruppene, antikva og grotesk, som du vart kjend med på Vg1, finst kategoriane egyptienne, skriveskrifter og gotisk. I tillegg kjem «fantasiskrifter» eller diverse-skrifter, som er ei samlenemning på fontar det ikkje er så lett å plassere i bestemte kategoriar.

Eksempler på skrifttyper. Grafisk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis beskrive skrift?

Du kjem langt dersom du veit kva som kjenneteiknar dei ulike skriftgruppene, men det kan vere greitt å vite at mange av desse har meir detaljerte underkategoriar.

For eksempel blir antikvaskriftene delte inn i gammalantikva, overgangsform og nyantikva. Groteske fontar kan omtalast som humanistiske eller geometriske.

Enkelte fontar har trekk frå fleire skriftgrupper og kan derfor vere vanskelege å plassere nøyaktig. Du kjem uansett langt ved å kunne forklare korleis skrifta ser ut, og kva for eigenskapar ho har.

Form

I tillegg til namnet på skriftgruppene kan du bruke omgrep som også beskriv former:

  • høg eller låg, brei eller smal
  • tynn eller feit
  • kursiv (skråstilt) eller rett
  • geometrisk eller organisk

Høgde, lengde og avstand

Du bør også kjenne til ein del andre ord og uttrykk som blir brukte berre om typografi:

  • Versalhøgde: høgda på versalane, dei store bokstavane
  • X-høgde: høgda på minusklane, dei små bokstavane – i forhold til versalhøgda
  • Grunnlinje: linja bokstavane kviler på, som linjene i ei skrivebok
  • Linjeavstand: avstanden mellom grunnlinjene, seier noko om kor mykje luft det er mellom linjene
  • Underlengde: den delen av skrifta som stikk ned under grunnlinja
  • Overlengde: den delen av skrifta som stikk opp over x-høgda
CC BY-SASkrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 07.05.2018

Læringsressursar

Typografi