Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva veit du om emneframheving og lesbarheit?

På Vg1 lærte du om skriftgruppene antikva og grotesk. Men du har sikkert sett at det finst mange fleire skrifter å velje mellom. Nokre skrifttypar er enklare å lese enn andre. I grafisk design må du dessutan tenkje på at skrifttypen bør passe til emnet eller bodskapen.
Tegneserie. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skrifter kan for eksempel vere organiske eller kanta, barnslege eller formelle. Det er ingen strenge reglar for val av skrifter (fontar), men det er eit par hugsereglar og omsyn du bør ta i valet av skrift.

I hovudsak handlar det om to ting:

  • kor tydeleg og godt lesbar skrifta er
  • emneframheving, det vil seie kor godt skrifta er tilpassa til, og underbyggjer, bodskapen

Finn informasjon om skriftgrupper

  1. Søk på nettet etter informasjon om andre skriftgrupper enn antikva og grotesk.
  2. Lag eit notat der du skriv ned namnet på alle skriftgruppene du finn.
  3. Lim inn bilete i notatet som viser minst eitt eksempel frå kvar av skriftgruppene.
  4. Tenk over og noter: Til kva for typar bodskapar fungerer dei ulike skriftgruppene best?
  5. Kor lett er det å lese skrift som er skriven med dei ulike skriftgruppene?
CC BY-SASkrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 12.07.2017

Læringsressursar

Typografi