Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kvar går grensene for ytringsfridomen?

To jenter i 10. klasse på avgangsfest på eit hotell i Bergen. Dei er fulle. Foreldra anar ingen ting. NRK dukkar opp og filmar litt i lobbyen på hotellet.
Jenter på fest. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Jentene blir filma, men forstår ikkje heilt kva som går føre seg. Ei stund seinare ser dei seg sjølve på TV. Programmet heiter Fylla. «Oh, shit! Tenk om mamma ser det!»

Kva tenkjer du om denne saka?

  • Var det rett av NRK å sende programmet?
  • Burde dei spurt jentene om lov?
  • Bør ein tole å bli filma om ein er på ein offentleg stad?
  • Og kva skulle NRK gjort dersom jentene klaga? Stoppa programmet?

Tenk gjennom kva du sjølv meiner om dette.

CC BY-SASkrive av Joachim Laberg.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2017

Læringsressursar

Etikk og lovverk 2