Hopp til innhald

Fagstoff

Modellar

Utan at vi tenkjer mykje over det, bruker vi dagleg modellar som er forenklingar av verkelegheita. Modellane viser berre deler av sanninga og har avgrensa gyldigheit. Dei er likevel til stor hjelp når vi skal forstå kompliserte samanhengar og fenomen på mikro- og makronivå, som vi ikkje kan sjå.
Modeller av universet og et molekyl. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Modellar – forenklingar av verkelegheita

Ein av modellane du møter nokså ofte, er kart over bygningar og terreng. Når du kjem inn i ein offentleg bygning, slik som skolen din, finst det oftast eit oversiktskart der ein kan orientere seg for å finne riktig rom. Om du skal forklare vegen til nokon som vil besøkje deg, vil du kanskje teikne eit kart. Då teiknar du berre viktige landemerke og utelèt dei fleste detaljane. Dette er ein forenkla modell av verkelegheita.

Modellar har avgrensa bruksområde

En lysstråle brytes i regnbuens farger gjennom et glassprisme. Foto.

Modellar har avgrens nytteverdi og kan skape mistydingar dersom vi bruker dei til noko anna enn dei er tenkt til. Det er derfor viktig å kjenne til modellane sine bruksområde. For eksempel blir lys nokre gonger beskrive som strålar, mens ein bruker ein bølgjemodell for å forklare andre eigenskapar ved lyset.

Globus og kart er modellar

Globusen har få detaljar, men han gir eit godt bilete av at jorda er rund, og viser korleis hav og kontinent er fordelte. Når aksen er skråstilt, kan vi også bruke han til å forklare årstidene.

Når jordkloden blir avbilda som eit kart, kan vi få med fleire detaljar. Eit kart er lettare å bere med seg, og vi kan sjå heile jorda på ein gong. Ulempa er at polområda blir uforholdsmessig store samanlikna med dei områda som ligg ved ekvator. Sidan jordoverflata er kuleforma, vil slike misforhold auke med størrelsen på landområdet som blir avteikna på kart.

Jordklode og kart av jordkloden. Tegning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Prøv ut:
Prøv å skrelle ein appelsin og legg skalet flatt som eit kart.
Teikn gjerne på kontinenta før du skreller.


Atom- og molekylmodellar

For å forstå korleis stoff reagerer med kvarandre og i kroppen vår, må vi kjenne til korleis dei er bygd opp. Sidan vi ikkje kan sjå atom og molekyl, er forenkla modellar til stor nytte. Her er ei oversikt:

  • Bohrs atommodell gir ei ryddig oversikt med elektrona plasserte i faste skal (banar) som representerer energinivå utanfor atomkjernen.
  • Skymodellar viser sannsynleg plassering av eit elektron som ei sky, der mørk farge viser størst sannsyn. Denne modellen gir eit riktigare bilete av at elektronrørslene ikkje følgjer sirkulære banar, men likevel skjer i bestemte energinivå.

Forenklingar

  • I alle desse modellane er partiklane teikna med overdriven storleik, men det gjer det lettare for oss å sjå dei.

  • Modellane er flate og viser ikkje at atoma er tredimensjonale.
  • Kjernepartiklar kan dele same rom og overlappe kvarandre, så når proton og nøytron er teikna separate som drueklasar, er det også ei forenkling av verkelegheita.

Molekylmodellar

Teikna strukturformel H-O-H. Teikning.

Molekyl kan teiknast både som strukturformlar og kule-pinne-modellar. Vi bruker molekylbyggjesett til å lage kule-pinne-modellar. Dei eignar seg godt til å vise bindingar og tredimensjonal struktur.

Modellar gir ikke et sant bilete ved alle høve

Ei raud og to kvite kuler bundne saman. Teikning.

Avstanden mellom atoma i molekylet er for stor i høve til verkelegheita, og du kan for eksempel ikkje byggje karbonmonoksid (CO) fordi talet på hòl og pinnar ikkje blir riktig. Atoma har heller ikkje slike fargar som kule-pinne-modellen gir inntrykk av.

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 05.09.2019

Læringsressursar

Forsking, metodar og modellar