Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva hugsar du om grafisk design?

Nært utsnitt av person som jobber på kontor. Bilde.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Aktiv bruk av komposisjonsprinsippa kontrast, balanse, einskap og rørsle kan få eit design til å fungere mykje betre.

Har du nokon gong jobba med ei designoppgåve og lurt på kvifor du ikkje får uttrykket ditt til å stemme? Då kan komposisjonsprinsippa vere til hjelp. Komposisjon handlar i stor grad om korleis du som designar kan styre blikket til mottakaren og påverke i kva rekkjefølgje bodskapen blir oppfatta.

På Vg1 lærte du at komposisjon tyder samansetjing, og du kan sikkert ein del om kontrast og balanse allereie. Men før du lærer meir om komposisjonsprinsippa rørsle og einskap, kan du snakke med ein elev i klassen og notere ned svar på desse spørsmåla:
  1. Kva tyder omgrepa kontrast og balanse?
  2. Kva trur de ligg i omgrepet einskap?
  3. Korleis kan det vere rørsle på ei stilleståande flate?
CC BY-SASkrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 15.03.2017

Læringsressursar

Komposisjon