Hopp til innhald

Fagstoff

Hus til storfe

Nye fjøs blir i dag bygde for lausdrift, men mange båsfjøs er framleis i drift. Bygningane må i alle tilfelle leggje til rette for fôring, reinhald og lagring av mjølka. Dyra skal kunne bevege seg, ha god luft og rett belysning.
Fleire kyr som ser ut frå båsen. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forskrift om storfehald stiller krav til utforming av bygg, innreiing og teknisk utstyr.

Kua på båsen

I eit båsfjøs har kvar ku sin bås der ho står bunden. Kua har tilgang til vatn frå ein automat, og fôret blir lagt ut i ei renne framfor båsane. Både vatnet og fôret er verna mot tilgrising, og røktaren kan enkelt leggje ut både kraftfôr og grovfôr framfor rekka av dyr.

Båsane er store nok til at kyrne kan legge seg ned. Kua blir mjølka mens ho står på båsen. Røktaren har kontroll på kor mykje kraftfôr kvar ku får, og kor mykje mjølk ho gir.

Kyr som står på bås, skal etter lova takast ut på beite i ein viss periode i året, eller ha tilgang til ein luftegard.

Frå 2034 skal alle mjølkekyr etter planen vere i lausdrift.

Lausdriftsfjøset

Dei fleste nye fjøs er bygde for lausdrift, der dyra kan gå fritt. Det skal vere liggebåsar til alle. Fôr blir lagt fram på ein bestemt stad der dyra kan gå og ete etter behov. Mjølking skjer i ein mjølkestall, der kyrne slepp inn i puljar. I fjøs med mjølkerobot kan kyrne bli mjølka når dei vil. Ofte er lausdriftsfjøset kombinert med eit uteområde der dyra kan gå fritt.

I lausdriftfjøset har kvart dyr ein transponder, ei databrikke. Eit datasystem registrerer kva ku som kjem til fôringsplassen, og tildeler rett mengde kraftfôr. Mjølkekyr i eit lausdriftsfjøs har til vanleg fri tilgang på grovfôr. Mjølkeroboten registrerer kva ku som er inne til mjølking, og kor mykje mjølk ho gir.

Fôr og fôring

Kraftfôr er gjerne lagra i metallbehaldarar, siloar. Utfôringa kan vere automatisert eller gjerast meir manuelt. Tilkøyring av grovfôr kan skje på fleire måtar, og utforminga av fôringsplassen og konserveringsmåten bestemmer kor mekanisert det er. Det mest driftssikre er å nytte traktor med frontlastar, minilastar eller traktor med avlessarvogn. Når vi nyttar traktor, må vi unngå å dra med oss jord og skit inn på fôrplassen. Elektriske fôrutleggarar er òg mykje nytta, både dei som går på hjul og dei som går på skjener.

Mjølkestall

Ein mjølkestall er eit system der kyrne kjem til den som mjølkar, i motsetnad til i båsfjøsen, der vi må oppsøke kvar ku. Kyrne slepp inn i mjølkestallen i puljar på fem til tolv dyr, alt etter kor stor stallen er. Det er eitt mjølkeorgan til kvar ku, slik at alle kyrne kan mjølkast samtidig. Det er vanleg med automatisk avtaking, slik at vi sparer tid og unngår tom-mjølking. Når kyrne blir mjølka, står røktaren nede i ei grav, og unngår dermed uheldige belastingar på kne og hofter. Røktaren får ei god arbeidsstilling og god oversikt i arbeidet.

Mjølkerommet, roboten eller mjølkestallen må vere isolert og oppvarma for å unngå at mjølk og vatn frys.

Mjølkerobot

Mange store mjølkeprodusentar og samdrifter installerer mjølkerobot når dei bygger nytt fjøs. Roboten gjer at kua kan bestemme mjølketidspunktet sjølv. Han gir òg større fridom for røktaren, som kan nytte tida til andre gjeremål, mellom anna til å observere og kontrollere kyrne. Roboten tek prøver og registrerer avvik. Systemet er kopla til mobiltelefonen til røktaren, som får varsel dersom noko gale skulle skje.

I denne filmen ser vi døme på korleis ein mjølkerobot verkar:

Hugselappen

I båsfjøset har kvar ku sin plass.

I lausdriftsfjøset kan kyrne bevege seg fritt.

Mjølkerom må vere isolerte og oppvarma.

Det må leggast til rette for effektiv transport av fôr.

Mjølkeroboten gir kua høve til å velje når ho skal mjølkast.

CC BY-SASkrive av Kjell Ryland.
Sist fagleg oppdatert 26.03.2021

Læringsressursar

Storfe