Hopp til innhald

Fagstoff

Biletredigering

Når vi skal bruke eit bilete, ønsker vi ofte å tilarbeide det. Vi kan justere lys og farge og manipulere innhaldet til ein ikkje kan kjenne det att, eller vi kan berre skjere til eller fjerne støy.

I videoen over ser du korleis eit portrett av ei ung jente kan bli manipulert til det ikkje er til å kjenne att.

Tenk over

Kva slags redigerte bilete møter du på i kvardagen din? Kven er avsendaren? Kva er hensikta med justeringa?

Korleis skal biletet brukast?

Om biletet er tenkt til eit spesielt format og medietype, legg det ofte premissa for kva vi kan og bør gjere av biletbehandling. Skal biletet passe til breiast mogleg bruk, bør vi vere forsiktige med å skjere det til. I nokre samanhengar kan eit kvadratisk utsnitt passe, mens i ein film kan ein ønske å gi biletet ei gradvis forstørring. Er det definert at biletet skal passe til ei 13 x 18-ramme for å bli hengt på veggen, bør vi skjere til presist, men likevel ta med litt ekstra for utfallande trykking.

Teknisk kvalitet

Det er liten vits i å legge mykje arbeid ned i biletredigering om originalfilene er for dårlege til at sluttproduktet får brukbar kvalitet. Eit enkelt eksempel er forsøk på å lage plakat ut frå portrettbilete frå internett. Om ein ikkje sjekkar den tekniske kvaliteten i ein tidleg fase, må ein gå heilt tilbake til start når produktet ikkje lar seg trykke i god nok kvalitet. Biletredigering har mange tekniske aspekt, både ved sjølve biletfila og ved programvara vi bruker for å behandle ho.

Truverde

Det er ofte freistande å pynte på sanninga. I vekeblad og magasin finn vi sjeldan ei einaste kvise i eit fjes, kanskje er det ganske rynkefritt også? Er det alltid fint vêr når eigedomsmeklarane lagar prospekt? Her går ein over nokre grenser og lagar eigne køyrereglar for kva som er "innafor". Men også når ein ønsker å lage mest mogleg truverdige og ekte bilete, er det mange ting som kan gjerast med biletbehandling. Å skarpe opp eller skjere til eit bilete endrar ikkje på innhaldet.

Auge, smørbrød, jente som held eit smørbrød. Kollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kollasjar

Det går an å lage komplekse kollasjar med biletbehandlingsprogram. Ofte er det likevel slik at bilete berre skal setjast i system, få rammer og nytt utsnitt. Då bruker ein heller eit ombrekkingsprogram.

Biletredigering kan redde bileta

Det beste er alltid å gjere skikkeleg arbeid mens vi tek biletet. Du har sikkert lært om fotoregelen "gå nærare" og komposisjon med det gylne snittet? Med biletredigering er det enkelt å forstørre og skjere til, vi kan rette opp perspektiv og fjerne spor av støvkorn på kameralinsa – det du ikkje nådde å tenke på då du stod midt oppi ein fotoseanse!

Kva veit eg om biletet mitt?

Biletfila kan innehalde ganske mykje informasjon som det er greitt å kjenne til før du går i gang med biletredigering. Det er kanskje meir enn du hadde trudd? Eit mobilkamera tek til dømes vare på lengde- og breiddegrad!

Informasjonen finn du på ulike måtar i forskjellige program. På Mac kan du høgreklikke på fila i Finder og velje "Vis info", då får du opp ein del data. Merk deg informasjon om pikselmengde. I Utforskar for Windows finn du tilsvarande informasjon. Den beste informasjonen vil du finne i Adobe Bridge.

Informasjon som kan ligge på ei bilete:

biletdata

Type

JPEG-bilete

Storleik:

1 365 995 byte (1,4 MB på disk)

Kvar:

/Users/Me/Downloads

Oppretta:

i går, 11.47

Endra:

i går, 11.47

Mål:

2448 × 3264

Einingsmerke:

Apple

Einingsmodell:

iPhone 6

Fargerom:

RGB

Fargeprofil

sRGB IEC61966-2.1

Brennvidde:

4,15

Alfakanal:

Nei

Raude auge:

Nei

f-nummer

2,2

Eksponeringsprogram:

2

Breiddegrad:

58,9902

Lengdegrad:

10,0431

Frå kvar:

https://mail-attachment.googleusercontent.com/

Biletdata over høyrer til dette biletet:

Båt på sjøen og mann som solar seg på svaberg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Johannes Leiknes Nag.
Sist fagleg oppdatert 26.05.2020

Læringsressursar

Biletredigering