Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Reklame, målgruppe og merkevarebygging

To personer som passerer et McDonald-skilt. Fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

  1. Søk på nettet etter reklamefilmar. Finn ein reklamefilm for eit produkt der målgruppa er personar over 50 år.
  2. Finn deretter ein annan reklamefilm for eit produkt som er retta mot ei kjønnsbestemt målgruppe.
  3. Forklar kvifor du meiner reklamefilmen er retta mot nettopp desse målgruppene.
  4. Kva vil reklamefilmane at målgruppene skal vite om produktet?
  5. Kva forventningar vil reklamefilmen at målgruppene skal ha til produktet?
  6. Seier reklamen noko om kva som er grunnen til at kundar i målgruppa skal kjøpe produktet?
  7. Presenter for klassen det du har funne ut.

Oppgåve 2

  1. Har du nokon gong trykt «likar» på eit oppslag om eit produkt eller eit firma i eit sponsa innlegg på Facebook? I tilfelle, kva for eit?
  2. Har du delteke i ein quiz eller ein konkurranse som fremjar eit produkt eller ei merkevare? I tilfelle, kva for nokre?
  3. Har du endra synet ditt på det produktet eller den bedrifta som køyrde konkurransen?
  4. Har du handla produkt som følgje av å ha delteke i ein sosial kampanje?
  5. Diskuter svara med ein klassekompis. Er denne forma for marknadsføring ein smart måte å nå unge menneske på?

Oppgåve 3

Diskuter i klassen:

  • Er det kult å gå med klede som har merke på seg?
  • Kva kjenneteiknar dei merka som blir rekna som kule?
  • Kvifor har somme merke meir verdi enn andre?
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 14.05.2018

Læringsressursar

Innføring i marknadskommunikasjon