Hopp til innhald

Fagstoff

Merkevarebygging

Langsiktig arbeid med merkevarebygging og godt planlagde reklamekampanjar ligg ofte i botnen for vellykka auka sal gjennom reklame.
Mann ved sida av tavle med logoen til Vy. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dersom eit publikum allereie kjenner til og har tillit og tiltru til ei bedrift, er det straks mykje enklare å reklamere for eit produkt eller ei teneste frå den bedrifta.

Merkevarer har meirverdi

Merkevarebygging handlar om å skape ein meirverdi rundt eit firmanamn eller eit produkt. Det handlar om at ein genser ikkje berre er ein genser, men òg noko meir. Ein genser skal ikkje berre halde deg varm. Du skal òg kunne knyte historier, kjensler og status til den genseren du vel å gå med.

Merkevareprodusentar som Nike, BikBok, Levis og Lacoste ønsker å etablere positive assosiasjonar til ei vare slik at vi vel nettopp deira merkevarer.

Merkevarer skil seg ut

Gulost i skiver frå Synnøve Finden og Norvegia frå Tine side om side i butikkhyllene. Foto.

Ei merkevare handlar altså om å få eit produkt til å skilje seg ut frå eit liknande produkt på ein positiv måte. Tine og Q-Meieriene er konkurrerande merkevarer innan meierivarebransjen. Mjølka til dei to merkevarene er så godt som lik. Dei to innpakkingane har mange fellestrekk, sjølv om det er to ulike merke. Kvifor er det slik, trur du?

Bedriftene konkurrerer om merksemda vår og godviljen vår gjennom marknadsføring og utvikling av nye produkt, noko som igjen vil ha innverknad på kva mjølk vi vel til dagleg i butikken.

Merkevarebygging blir gjort over tid, gjerne over mange år. Dei sterkaste merkevarene er gjerne fleire tiår gamle.

Kjenner du til desse merkevarene?

  • Apple (1976)
  • Victoria’s Secrets (1977)
  • Raudekrossen (1919)
  • Coca-Cola (1894)

Kva assosiasjonar får du til kvar av dei?

Eksempel: Merkevara Momondo

Kanskje har du òg høyrt om reiselivsoperatøren Momondo? Ein av reklamefilmane deira vart sett av mange på sosiale medium.

Sjå reklamefilmen Momondo – The DNA Journey på Oxford Learning Link.

I reklamen speler selskapet på aktuelle problemstillingar i samfunnet. Videoen tek opp dei fordommane vi har mot andre menneske og det positive ved å bli kjend med andre kulturar og religionar gjennom å reise. Gjennom å appellere til kjensler og engasjere menneske til deling av reklamen på sosiale medium, har Momondo lykkast med å styrke merkevara si. Fleire er blitt kjende med selskapet, og Momondo har klart å engasjere den målgruppa dei er ute etter å nå.

Tenk etter

  • Kva trur du kan vere grunnen til at så mange personar delte filmen vidare?
  • Korleis vil du forklare at det er "rett" målgruppe som har delt reklamefilmen?

Reklamekampanjar

Gjennomføring av reklamekampanjar er òg eit verkemiddel for å styrke og oppretthalde kjennskapen og tilliten til ei merkevare. Eit reklamebyrå har ein fast kundeportefølje og legg marknadsplanar for kundane sine for mange år fram i tid.

Reklamekampanjar blir til dømes planlagde for vår og haust, med skildringar av korleis den einskilde kampanjen skal styrke merkevara hos etablerte målgrupper eller eventuelt nå nye målgrupper.

I ein reklamekampanje lagar reklamebyrået mellom anna annonser, radiospottar og reklamefilmar for publisering i ulike kanalar. Reklameuttrykka blir utforma med utgangspunkt i det same konseptet. Det vil seie at grunnidéen og det visuelle konseptet er det same for medieuttrykka som høyrer til ein kampanje. Det er nøye planlagt når og kor dei ulike reklameformata blir publiserte.

Reaksjonar mot merkevarebygging

Redd Barna si ungdomsgruppe Press er mellom dei som engasjerer seg og reagerer mot marknadskrefter. Kvart år deler dei ut prisen Gullbarbie til den reklame- og medieaktøren som er "best på å få ungdom til å kjenne seg verst".

Undersøk og diskuter

Gullbarbie: Tidligere vinnere

  • Kven har vunne Gullbarbie oppgjennom åra?
  • Diskuter andre tilfelle der marknadsføring bikkar i feil retning.
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 12.01.2023

Læringsressursar

Innføring i marknadskommunikasjon