Hopp til innhald

Fagstoff

KFK-modellen: Utforsking og idémyldring

Klar ferdig kreativ (KFK-modellen), som er utvikla av Martin Walter og Daniel Almli, viser korleis ein kan bryte ned idéutviklinga i fire fasar. Dei to første er utforskingsfasen og idémyldringsfasen. For å klare å vere kreativ på bestilling, må ein beherske nokre teknikkar.

Utforskingsfasen

Det første ein må gjere når ein får eit oppdrag, er research. Det vil seie at ein må finne ut noko om dei ein skal lage medieprodukt for. Kva er viktig for oppdragsgivaren? Er det eit produkt som skal seljast? Kva argument skal ein nytte for å overtyde kundane? Kven er i målgruppa? Korleis når ein målgruppa? Kva verkemiddel kan det vere lurt å nytte?

Idémyldringsfasen

Når du veit noko om kva du skal lage, og kva som er måla til oppdragsgivaren, er det klart for å gå i gang med idémyldring. For å klare å gjere det på kommando er det viktig å kjenne til ulike teknikkar for å få idéane fram.

Kreativitet er som ein muskel; han blir sterkare jo meir du trener, så øv deg på å vere kreativ. Her er nokre tips i idémyldringsfasen:

  • Set hjernen i frigir: Alt er lov! I staden for å seie «nei» eller «men», sei «ja» og «så».
  • Bruk penn og papir, ikkje datamaskin.
  • Jobb gjerne saman med andre.
  • Jobb på ein annan stad enn der du vanlegvis jobbar; kom deg ut!
  • Ha alltid med deg skissebok.
  • Hugs at idémyldring er ein prosess.
CC BY-SASkrive av Ragnhild Risholt Kleppe og Martin Aune Walther.
Sist fagleg oppdatert 07.05.2018

Læringsressursar

Idéarbeid og kreativitet