Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Hundepensjonatet Pasja

Set opp balansen, før og avslutt rekneskapen for hundepensjonatet Pasja.
Ei dame og to hundar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nina og Elin skal drive hundepensjonatet Pasja frå 01.01. Dei har kjøpt inventar for kr 25 000 og har kr 2 000 i kontantar. Nina og Elin har investert sparepengane sine, kr 30 000, i bedrifta. Dei har lånt kr 15 000 frå banken, resten er bankinnskot.

Del 1

Sett opp balansen per 01.01.

Del 2

I tillegg til balansekontoane har Nina og Elin desse kontoane:

  • Salsinntekter
  • Marknadsføringskostnader
  • Husleige
  • Rentekostnader

I januar har hundepensjonatet desse forretningstilfella:

  • 2.1. Betalt husleige over bank kr 2 000
  • 4.1. Kontant sal av pensjonattenester kr 1 500
  • 7.1. Betalt for digital marknadsføringskampanje våren over bank: kr 5 000
  • 8.1. Betalt avdrag og renter på banklån over bank: avdrag kr 2 000, renter kr kr 1 000
  • 14.1. Motteke over bank for sal av pensjonattenester kr 4 000
  • 17.1. Kjøp av hundeutstyr kontant kr 2 000
  • 21.1. Sett inn kontantar i banken kr 1 000
  • 27.1. Sal av hundepensjonattenester kontant kr 3 000

Registrer forretningstilfella for januar. Start med bilag nr. 1.

Del 3

Avslutt rekneskapen per 31.01.

Del 4

Sett opp balansen per 31.01. og resultatrekneskapen for januar.

Del 5

Forklar endringa i eigenkapital i januar.

CC BY-SASkrive av Hindrik Sants.
Sist fagleg oppdatert 06.12.2017

Læringsressursar

Rekneskap