Hopp til innhald

Fagstoff

Fakta om korn

Kornartane høyrer til grasfamilien. Dei blir dyrka på grunn av dei store næringsrike frøa sine, som inneheld mykje stive og ein del protein. Kornartane er dei viktigaste vekstane i verda som blir nytta både til mat og fôr.
Ei dame, som er kledd i ein kjole, går i ein kornåker. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge


Dyrking av korn i Noreg

Hender med korn. Foto

I Noreg dyrkar vi i hovudsak kornartane bygg, kveite, havre og rug.
Dei eldste funna av kveite og bygg i Noreg er 4000−4500 år gamle. Korndyrking blei vanleg her i landet i slutten av steinalderen.

I 2007 hadde Noreg om lag 14 700 kornbønder. Kvart år blir det dyrka 1,2–1,3 millionar tonn korn på eit areal tilsvarande halvannan gong Vestfold fylke (vel 3,2 millionar dekar). Den største delen av kornet blir nytta til fôr.

I 2007 blei det produsert om lag 348 000 tonn matkorn, av dette blei om lag 280 000 tonn nytta til mat. Dei tre største kornfylka i Noreg er Akershus, Østfold og Hedmark. Samla import av matkorn i 2007 var 97 107 tonn, og dei viktigaste importlanda er Kazakhstan, Tyskland og dei baltiske landa. Vi importerer i hovudsak ulike spesialsortar kveite (til dømes durumkveite) og kvalitetar som ikkje kan dyrkast i vårt klima.

I hvilke fylker de ulike kornslagene produseres. Grafikk
Opne bilete i eit nytt vindauge

Norskprodusert matkorn

Nye kornsortar og fruktbart samarbeid mellom bønder, industri og bakarar har medverka til at vi bruker langt meir norsk korn i matmjølet enn tidlegare. Dei siste 30 åra har delen norskprodusert matkorn brukt i matmjølet auka kraftig, frå 3,9 prosent i 1961 til 74,2 prosent i 2007.

Når det gjeld volum, er kveite desidert størst. Ein ventar at delen norskprodusert matkorn som inngår i matmjølet også i framtida vil liggje på mellom 60−75 prosent. Sidan midten av 70-åra har vi så å seie vore sjølvforsynte med bygg og havre.

Bakeevne

Kveiteaks på en åker. Foto.

Bakeevne varierer med kornsortane og har samanheng med kor mykje gluten det er i proteinet. Glutenet gjer deigen seig og smidig og bind væske godt.

Kontrollen med korn

Kontrollen med matkorn er streng i Noreg. Matkorn må tilfredsstille ei rekkje minimumskrav fastsette av styresmaktene og tilleggskrav fastsette i avtaler mellom aktørane i verdikjeda korn – mjøl – bakarvarer. Alt matkorn som blir levert til kornmottak i Noreg, gjennomgår ei rekkje visuelle undersøkingar og laboratorieundersøkingar. Det blir òg teke systematiske stikkprøver i alle ledd i verdikjeda for å sikre at sluttproduktet har ønskt kvalitet.

Hugs

  • Korn blir dyrka over heile verda og er ei viktig næringskjelde.
  • Korn blir brukt både til mat og til dyrefôr.
  • I Noreg dyrkar vi mest kveite, bygg, havre og rug.
CC BY-SASkrive av Opplysningskontoret for brød og korn.
Sist fagleg oppdatert 02.04.2020

Læringsressursar

Korn og mjøl som råstoff