Hopp til innhald

Fagstoff

Komposisjonsprinsipp for bilete

Hvor skal du plassere motivet i bildet? Her får du en innføring i grunnleggende prinsipper for komposisjon.

Fem grunnleggjande komposisjonsprinsipp

Sjølv om det finst fleire komposisjonsprinsipp i foto, skal vi byrje med dei fem mest grunnleggjande som er vortne gitte att i eit utal fotobøker sidan ein byrja å skrive om faget:

  • tredelsregelen
  • linjeføringar
  • forenkling og eliminering
  • rytme
  • innramming

Tredelsregelen

Dei aller fleste nybyrjarar plasserer motivet i midten av biletet, noko som gir eit meir statisk uttrykk. Denne fordelinga av motivet gir eit proporsjonalt forhold på 1:1, der hovudmotivet blir like mykje fordelt på kvar side. Heilt enkelt forklart handlar tredelsregelen om å skape meir energi i biletet ved å unngå midten. Ved hjelp av eit rutenett med ni like store ruter som du anten førestiller deg når du leiter etter bilete, eller ser i søkjaren på kameraet ditt, skal du plassere hovudmotivet i eitt av dei fire punkta der linjene kryssar kvarandre. Dette vil då gi eit proporsjonalt forhold på 1:2.

Dersom motivet i biletet er horisonten i eit landskap, bør ein plassere horisonten på høgd med den nedste eller øvste linja i rutenettet. Ved å følgje tredelsregelen vil du få biletet ditt til å gi inntrykk av spenning og energi, samt skape meir interesse for motivet.

Fyrlykt med hav og horisont. Bildeflaten er delt i tre vertikalt og horisontalt. Fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tredelsregelen vart omtalt første gongen av målaren John Thomas Smith i 1797. Men i realiteten hadde dette komposisjonsprinsippet allereie vore i bruk i tusenvis av år under nemninga «det gylne snitt». Det gylne snitt er eit spesifikt matematisk omgrep som kan likne litt på tredelsregelen.

Du treng sjølvsagt ikkje alltid følgje tredelsregelen. Det kjem an på kor mykje luft du vil ha rundt motivet. Nokre gonger vil det vere naturleg å plassere motivet i midten, til dømes dersom du skal ta eit klassisk skulebileteportrett.

Linjeføringar

Linjer i eit bilete kan brukast til å føre auget til betraktaren lenger inn i biletet til eit element som fotografen vil framheve eller streke under. Linjer kan gi inntrykk av rørsle eller skape tyngdepunktet i biletet. I motsetning til ein kunstnar som kan måle ein strek, så må du som fotograf sjå etter desse linjene rundt deg. Ein kan bruke eit gjerde, ei bru, buktande stier og elver, arkitektur og mykje meir som kan tolkast som linjer. Linjer kan også brukast til å dele opp biletet.

Det finst fleire ulike typar linjer, her er fire av dei:

  • Vertikale linjer er sterke linjer som skapar eit fundament som forplantar seg i biletet og gir inntrykk av kraft og makt, som til dømes ein lyktestolpe.
  • Horisontale linjer gir inntrykk av harmoni og balanse. Det er kanskje grunnen til at landskapsbilete er roande å sjå på. Dei kan også skape ei avslutning, ei finalekjensle.
  • Diagonale linjer skapar energi, uro og rørsle. Dersom ein blander dei, kan dei skape ein spennande dynamikk og gi inntrykk av kraft.
  • S-kurver gir inntrykk av harmoni, og har best effekt når ein zoomar inn på til dømes ein veg eller ei kystlinje.
Mann som heng i stropp under eit helikopter, og blir dregen mot høgre av ein vaier. Fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forenkle og eliminere

Denne regelen handlar om å fjerne alt som forstyrrar i biletet, slik at det som står igjen, berre er dei viktigaste elementa som støttar bodskapen eller forteljinga i biletet. For å kunne gjere dette må du som fotograf kanskje flytte på deg, finne ein ny vinkel, fysisk ta bort støy, bruke liten djupneskarpleik eller rett og slett gå nærmare.

Mottoet til krigsfotografen og fotojournalisten Robert Capa (1913–1954) var: «Viss bileta dine ikkje er bra nok, er du ikkje nær nok.» Det vil seie at du som fotograf ikkje må vere redd for å gå tettare på og fylle tomromma i biletet. Gå nærmare og fjern det som skapar støy. Dette vil hjelpe deg å framheve det som det er viktig for betraktaren å sjå på.

Forenkling av biletet kan også tolkast som ei form for minimalisme. Det å framheve berre det som er viktig, kan gi ein større visuell effekt av hovudmotivet.

Foss som stupar utfor skrent i grønt skoglandskap. Fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rytme

Rytme i fotografi kan samanliknast med rytmen i ein melodi. Han blir skapt gjennom eit slag som slår med jamne mellomrom og dannar ein puls i musikken. I eit fotografi skapar ein rytme ved å finne eit element som gjentek seg, og arrangere det i eit mønster. Nøkkelordet her er repetisjon av eit bestemt element. Eit døme kan vere ei rekkje med gule parasollar på ei strand, der ein av dei bryt mønsteret med fargen raud. Nokre gonger kan rytme uttrykke seg som kaos, og andre gonger kan det skape interesse.

Mange fargerike paraplyar svever under himmelen. Fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Innramming

Det vi meiner med innramming, er å bruke eit anna element til å ramme inn eit motiv for å framheve det. Den mest vaniege måten er å plassere det du vil bruke som innramming, i forgrunnen i biletet. Innramminga vil gjere at ein får eit bilete rundt eit anna bilete.

Vi ser ei kvinne gjennom døra inn til eit anna rom. Fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Test deg sjølv: Kva kan du om komposisjon av bilete?

CC BY-SASkrive av Christina Listanco Einmo.
Sist fagleg oppdatert 30.05.2017

Læringsressursar

Innføring i bilete