Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Coffee House AS

Denne tverrfaglege heildagsprøva tar føre seg sentrale kompetansemål i alle tre programfaga. Tidsplan og organisering tilsvarer tverrfagleg eksamen og kan variere noko frå fylke til fylke.
Kaffemaskin på kontoret
Opne bilete i eit nytt vindauge

Situasjonsskildring

Coffee House AS er eit selskap som driv med import og vidaresal av kaffimaskiner og kaffirelaterte produkt. Bedrifta sel både til forbrukarar og til andre butikkar som sel dei vidare.

Coffee House AS har sikra seg einerett på å importere eit nytt kaffimaskinmerke som har gjort stor suksess i USA.

Dei ønskjer no å forsyne den norske marknaden med dette nye produktet.

Frå resultatkontoen frå 2011 finn vi desse tala:

Varesal
Varekostnad
Lønnskostnader
Husleige
Andre driftskostnader
kr 31 000 000
kr 15 000 000
kr 10 000 000
kr 1 800 000
kr 2 400 000
Driftsresultatkr 1 800 000
Finansinntekter
Finanskostnader
kr 20 000
kr 180 000
Resultat før skatt
kr 1 640 000

Bedrifta har fått ein avtale med ein leverandør med følgjande vilkår:

Innkjøpspris per stk.: 1290 kroner
Fraktkostnader: 1000 kroner per palle (20 stk. på ein palle)
Toll: 149 kroner per stk.

Kaffimaskiner finst det mange av på den norske marknaden, så Coffee House AS ønskjer å leggje ein god marknadsstrategi for å oppnå marknadsmåla sine på kort og lang sikt.

Coffee House AS har den siste tida slite med for lita bemanning, og reknar med at dei kjem til å trenge fleire medarbeidarar no som dei satsar på å utvide drifta.

Der de meiner de manglar informasjon, må de lage dykkar eigne føresetnader.

Oppgåve

  • Lag og presenter ein marknadsplan som fortel korleis du vil gå fram for å selje dette produktet.
  • Berekn ein pris på maskina ut frå dei tala som ligg føre, og ut frå korleis du har tenkt å selje produktet.
  • Lag ein tilsetjingsprosedyre der du tek med alt som skal til for å få dei riktige medarbeidarane.
  • Utarbeid tryggingsrutinar for å redusere svinn i verksemda, og for å hindre uautorisert tilgang til IKT-systema.

Vurdering

Nivå 1Nivå 2Nivå 3
Definere sentrale omgrep innanfor konkurransemidla.Forklare verkemiddel brukte i ei konkret bedrift.Diskutere fordelar og ulemper ved ulike verkemiddel knytte til konkrete produkt/bedrifter.
Fortelje kva som er elementa i ein marknadsplan.

Lage ein marknadsplan for ei konkret bedrift.

Presentere ein marknadsplan for ei konkret bedrift eller målgruppe.

Grunngi val ved utarbeiding og presentasjon av marknadsplan.

Definere trendomgrep.

Gjere greie for vidareutvikling av produkt.

Gjere greie for utviklingstendensar og aktuelle trendar i samfunnet.

Tilpasse produkta og tenesteleveransen til nye trendar.

Vurdere trendar i utviklinga av ulike produkt og tenester, og tilpasse produkt og tenesteleveranse etter dei.

Kjenne til relevant regelverk.

Gjere greie for trygging av elektroniske dokument.

Sikre lokale, dokument og opplysningar.

Føreslå tiltak som hindrar uautorisert tilgang til lokale, dokument og opplysningar.

Vurdere føreslåtte tiltak som hindrar uautorisert tilgang gjennom interne og eksterne kanalar.

Skildre trusselbiletet i ei sjølvvald bedrift.

Gjere greie for risikoreduserande utstyr.

Gjere greie for veikskapar i tryggleiken i ei sjølvvald bedrift.Vurdere samanhengen mellom trussel og tiltak i ei sjølvvald bedrift.

Gjere greie for ulike prissetjingsmetodar som bidrags- og sjølvkostmetoden, og påslagsmetoden i varehandels- og servicebedrifter og handverksbedrifter.

Kjenne til grunnleggjande pristeori.

Gjere prisberekningar og lage pristilbod på grunnlag av bidrags- og sjølvkostmetoden og påslagsmetoden.

Berekne pris på bakgrunn av endringar i kostnader, rabattordningar, prisdifferensiering osv.

Gjere berekningar ut frå følsemds- og dekningspunktanalysar.

Analysere og grunngi elementa i ein priskalkyle.

Vurdere konsekvensar som følgje av endringar i pris, kostnader, mengde osv.

Gjere greie for tilsetjingsprosedyren.

Gjere greie for prinsippa for personalutvikling.

Gjennomføre tilsetjingsprosessen.

Gjere greie for personal-utviklinga i bedrifta.

Vurdere og grunngi tiltak for å utvikle personalet i bedrifta vidare.
CC BY-SASkrive av Gunnstein Koch.
Sist fagleg oppdatert 14.05.2018

Læringsressursar

Tverrfaglege oppgåver og heildagsprøver