Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Båtimport AS

I denne oppgåva skal du jobbe med sentrale kompetansemål i faget økonomi og administrasjon. Temaene er kalkyle, resultat- og likviditetsbudsjett og bruk av digitale reiskapar.
Båtutstilling
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Ei handelsbedrift importerer joller og mindre båtar frå utlandet og sel dei på den norske marknaden. Bedrifta har nettopp teke inn ein ny båt i sortimentet. Innkjøpsprisen utgjer kr 25 000, medan transportkostnadene i samband med innkjøp utgjer kr 2500 per båt. Det er ikkje toll på innførsel av fritidsbåtar.

Bedrifta kalkulerer med 25 prosent indirekte kostnader og 15 prosent forteneste.

a. Set opp ein kalkyle og finn salspris med meirverdiavgift.

b. Kor stor er bruttofortenesta i kroner og prosent for denne vara?

c. Gi bedrifta råd om korleis dei bør setje opp kalkylar, og forklar korleis det kan gjerast på forskjellige måtar.

Dette er ei bedrift som har vakse frå å vere eit lite familieføretak til å bli ei bedrift med ei omsetning på over ti millionar kroner per år. Datasystema dei bruker, er gamle og utdaterte. Du får i oppdrag å gi leiinga råd om kva dei treng når det gjeld nye datasystem.

d. Ta for deg båten som bedrifta nettopp har kjøpt inn. Følg vara frå ho ligg for sal hos leverandøren, og fortel kva datasystem vara og papira som følgjer med, kjem i kontakt med frå vara ligg hos leverandøren til ho er i bruk og betalt av kunden som har kjøpt henne frå handelsbedrifta.

På grunnlag av opplysningane nedanfor skal du setje opp resultatbudsjett og likviditetsbudsjett for 1. kvartal.

Alle beløp skal rundast av til næraste heile krone.

Budsjettert sal utan meirverdiavgift i januar er 680 000, februar 780 000 og mars 850 000.

20 prosent av salet er kontantsal. Resten er sal per 30 dagar.

Kundefordringane per 1. januar er kr 632 000.

e. Set opp ei oversikt over salsinntekter og innbetalingar frå salet for dei tre første månadene.

Bruttofortenesta utgjer 30 prosent.

Varelageret aukar med kr 10 000 i januar, 20 000 i februar og er uendra i mars.

Alt varekjøp skjer per 15 dagars kreditt. Leverandørgjelda per 1. januar er kr 269 000.

f. Set opp ei oversikt over varekostnaden og utbetalingane til leverandørane dei tre første månadene.

Lønnskostnaden er venta å bli kr 90 000 per månad. Sjå bort frå ferielønn og arbeidsgivaravgift.

Bedrifta reknar med andre driftskostnader på kr 45 000 i januar, 55 000 i februar, og kr 60 000 i mars.

Bedrifta reknar med avskrivingar på kr 480 000 per år.

Rentekostnaden er berekna til kr 24 000 per månad.

Lønn og andre driftskostnader blir utbetalte same månaden som kostnaden gjeld.

Andre budsjetterte utbetalingar: Renter og avdrag på pantelånet skal betalast i januar med kr 44 000 og mars med kr 75 000. I februar planlegg bedrifta ei investering på kr 120 000 som blir betalt kontant.

Likviditetsreserven per 1. januar er kr 110 000.

g. Set opp likviditetsbudsjett og resultatbudsjett for kvar av månadene og samla for 1. kvartal.

Dagleg leiar er ikkje sikker på om bedrifta klarer å oppnå ei bruttoforteneste på 30 prosent. Konkurransen blir stadig hardare, og prisnedslag er eit aktuelt verkemiddel for å møte konkurransen.

h. Kva skjer med resultatet og likviditetane dersom bedrifta berre oppnår 25 prosent bruttoforteneste? Du skal basere svaret på berekningar.

(Du bør lage modellen til oppgåve g slik at du kan bruke han på nytt. Då er det nok å setje inn 25 prosent under bruttoforteneste i ein inndatadel.)

Vurdering

Når svaret ditt blir vurdert, blir det lagt vekt på om du har oppfylt følgjande punkt:

Nivå 1Nivå 2Nivå 3
Gjere greie for måtar å berekne pris på.Berekne prisen på ei vare.Vurdere forhold rundt prisen eller forhold som kan gjere at han bør endrast.
Ha kjennskap til budsjettering.Setje opp resultat- og likviditetsbudsjett.Kommentere budsjettet og vurdere forhold som påverkar lønnsemd og likviditet.
Ha kjennskap til digitale reiskapar som blir brukte innanfor økonomi, administrative arbeidsprosessar og kontorfunksjonar.

Bruke reknearkprogram til å setje opp kalkylar og budsjett og andre berekningar.

Velje digitale reiskapar til forskjellige arbeidsprosessar i bedrifta.

Vurdere val av digitale reiskapar.
CC BY-SASkrive av Sigmund Bårdvik.
Sist fagleg oppdatert 14.05.2018

Læringsressursar

Tverrfaglege oppgåver og heildagsprøver