Hopp til innhald

Fagstoff

Redaksjonell omtale

Positiv omtale i reiselivsmagasin og aviser er ei flott og rimeleg marknadsføring for aktørar i reiselivsnæringa.
Forsiden til et reselivsmagasin på et nettbrett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Omtale i aviser og tidsskrift

Reiselivsstoff er ein viktig del av mange aviser og magasin. Innovasjon Noreg tek kvart år fleire hundre norske og internasjonale reiselivsjournalistar til Noreg. På same vis blir norske journalistar henta til utanlandske destinasjonar.

Redaksjonell omtale er først og fremst nøytral og objektiv. Presseetikken fungerer slik at alle journalistar skal kunne skrive kritisk og uavhengig, også i dei tilfella dei har fått støtte til reise og opphald, til dømes av turistmyndigheitene i eit land.

Mange medium har også ei høg stjerne blant reiseglade lesarar fordi dei er leiande når det gjeld å finne nye, spennande destinasjonar. Dei legg vekt på kvalitet og berekraft og gir gode råd om korleis ein kan komme til opplevingane på ein så rimeleg måte som mogleg.

Korleis få positiv omtale?

Aktørane i reiselivet vil først og fremst leggje til rette for positiv redaksjonell omtale. Slik omtale er godt å kunne vise til, ikkje minst samanliknande testar.

Fallhøgda og risikoen kan samtidig vere stor. Restaurantar som får negativ omtale i dei leiande media, kan oppleve at talet på bordbestillingar går ned. Hotell blir stadig oftare testa på same vis som restaurantar og kan vere sårbare for negativ kritikk.

CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld. Rettshavar: NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 11.01.2019

Læringsressursar

Informasjonskjelder