Hopp til innhald

Fagstoff

Melde tryggleiksbrot til politiet

Alvorleg datakriminalitet og tryggleiksbrot som datainnbrot, informasjonstjuveri, identitetstjuveri, databedrageri og liknande skal meldast til politiet.
Politimann
Opne bilete i eit nytt vindauge

Retningslinjer for politimelding

Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS) har laga nokre retningslinjer for korleis ei slik politimelding bør utformast, og kva ho bør innehalde. I meldinga til politiet bør det stå

  1. namn, adresse og telefonnummer til den som melder saka
  2. ei utgreiing av kva slags lovbrot meldinga gjeld, og ei oversikt over fakta i saka
  3. eventuell dokumentasjon som viser kva som har skjedd, og som kan vere bevis i saken. Dersom det finst vitne, bør kontaktinformasjon til dei vere med.
  4. eventuelle mistenkte. Dersom det er konkret mistanke til bestemte personar, bør du opplyse om namn, adresse og/eller annan identifikasjon.
  5. kva straffereglar du meiner er brotne
  6. kva som er gjort før politimeldinga overfor mistenkte personar og når det gjeld sikring av bevis
  7. om du meiner lovbrotet gir grunnlag for erstatningsansvar, og storleiken på erstatningskravet. Det er viktig å opplyse om at du ønskjer at politiet skal ta erstatningskravet med i ei eventuell straffesak.

Kven skal melde?

Dersom lovbrotet gjeld den verksemda du jobbar for, kan du ikkje på eiga hand melde det til politiet. Det er eigne reglar i ulike lover for kven som kan be om at nokon skal tiltalast og eventuelt straffast. I utgangspunktet er det styret for verksemda som skal ta avgjerd om politimelding, men dette er ofte delegert til dagleg leiar eller andre i leiinga for verksemda. Det same gjeld for kravet om erstatning.


Alvorleg datakriminalitet skal meldast til politiet.

CC BY-SASkrive av Arne Jansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 11.05.2018

Læringsressursar

IKT-tryggleik