Hopp til innhald

Fagstoff

Datavirus

Omgrepet datavirus blir ofte brukt om uønskte program som på ein eller annan måte gjer skade på data eller overtek kontrollen over datamaskina.
Trojansk hest
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva meiner vi med datavirus?

Det finst fleire ulike kategoriar av datavirus, men felles for dei er at dei blir spreidde og installerte på maskina di utan at du veit eller vil det. Ein del datavirus utnyttar tryggleikshol i operativsystem og populære program.

Når eit datavirus først er komme inn i ei maskin, kan det spreie seg vidare til andre maskiner i nettverket ved å lese adresselista di og sende seg sjølv som e-post til alle som står på lista. Dermed ser det ut som om du har sendt vennene dine ein e-post med eit vedlegg. Den same teknikken blir også brukt i andre program som har adresselister og meldingsfunksjonar.

Ormar og trojanske hestar

Datavirus blir ofte delte inn i underkategoriane ormar og trojanske hestar. Forskjellen på dei er måten dei spreier seg på. Ein orm har ein programkode som gjer han i stand til å spreie seg sjølv, medan ein trojansk helst er nemninga på eit virus som skjuler seg inni eit anna program og blir spreidd når nokon lastar ned eller kopierer vertsprogrammet.

For å unngå å bli oppdaga før det får spreidd seg vidare har virus ofte ei innebygd forseinking som gjer at det ikkje skjer noko før på ein bestemt dato, etter ei bestemt tid eller etter ei bestemt handling.

Datavirus kan vere ganske harmlause og ikkje ha annan funksjon enn å spreie seg, men dei kan også vere svært destruktive og til dømes slette data, logge kva som blir gjort på maskina, sende data til ein angripar eller gi ein angripar kontroll over maskina. Den siste metoden blir blant anna brukt ved koordinerte angrep mot nettstader, der tusenvis av maskiner deltek i angrepet utan at eigarane er klar over det.

Antivirus

For å verne oss mot datavirus må alle maskiner ha oppdatert antivirusprogramvare. Dei fleste antivirusprogramma blir oppdaterte dagleg for å halde tritt med nye virusvariantar, og leverandørane har eit felles varslingssystem for å sikre at nye virus blir oppdaga så raskt som mogleg. Oppdateringane blir vanlegvis gjorde automatisk, men du bør likevel sjekke at antivirusprogrammet er oppdatert med jamne mellomrom.

Det finst ei rekkje antivirusprogram på marknaden. Dei mest kjende er Norman, F-Secure, Norton og McAfee. Desse programma fungerer som abonnementsordningar, der ein betaler ei årleg avgift til produsenten for regelmessige oppdateringar.

For privatpersonar finst det også fleire gode gratis alternativ tilgjengeleg, til dømes Avast og AVG. Dette er antivirusprogram som privatpersonar lovleg kan laste ned frå produsenten og bruke gratis.

Det er viktig å vere klar over at antivirus ikkje er nokon garanti for at maskina ikkje blir infisert av eit datavirus. Oppdateringar til antivirusprogram kjem alltid etter at eit nytt virus er oppdaga. Det er derfor alltid ein risiko for å få eit virus som antivirusprogrammet ikkje kan oppdage enno.

Antivirusprogram
Opne bilete i eit nytt vindauge

Råd om vern mot datavirus

  • Installer alle tryggleiksoppdateringar for operativsystem og programvare.
  • Ha oppdatert antivirusprogram på alle maskiner.
  • Ikkje opne vedlegg eller klikke på lenkjer i e-postar eller meldingar dersom du ikkje kjenner avsendaren eller er usikker på om e-posten er ekte.

For å verne oss mot datavirus må alle maskiner ha oppdatert antivirusprogramvare.

CC BY-SASkrive av Arne Jansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 11.05.2018

Læringsressursar

IKT-tryggleik