Hopp til innhald

Fagstoff

Avbrotsfri straumforsyning

Sidan datamaskinar er avhengige av straum for å fungere, er dette eit svakt punkt sett frå eit driftstryggleikssynspunkt.
Brannvesen
Opne bilete i eit nytt vindauge

Straumbrot

Eit uventa straumbrot fører ikkje berre til at maskina stansar, vi risikerer også å miste data som ikkje er lagra. Somme program kan også få problem dersom maskina blir slått av utan at programmet først er avslutta på ein skikkeleg måte.

Ei løysing på problemet er å installere ei eining for avbrotsfri straumforsyning – Uninterruptable Power Supply, forkorta UPS. Ei avbrotsfri straumforsyning er eit batteri som blir kopla mellom datamaskina og straumtilførsla. Datamaskina får då straum frå batteriet, som igjen blir ladd kontinuerleg frå den vanlege straumtilførsla. Dersom straumen plutseleg skulle bli borte, får datamaskina framleis straum frå batteriet, og når straumen kjem tilbake, blir batteriet ladd opp att.

Dersom straumbrotet blir langvarig, får vi framleis høve til å lagre data og avslutte alle program før batteriet er tømt. Det finst programvare som kan gjere dette automatisk når batteriet tek til å gå tomt for straum.

Avbrotsfrie straumforsyningar løyser også eit anna problem. Mange av komponentane i datamaskina er følsame for variasjonar i straumstyrken, og eit plutseleg straumsjokk, til dømes ved lynnedslag, kan øydeleggje maskina. Ei avbrotsfri straumforsyning sørgjer for at datamaskina heile tida får jamn straumstyrke og spenning.

Eit uventa straumbrot fører ikkje berre til at maskina stansar, vi risikerer også å miste data som ikkje er lagra.

CC BY-SASkrive av Arne Jansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 11.05.2018

Læringsressursar

IKT-tryggleik