Hopp til innhald

Fagstoff

Mi bedrift

No er det på tide å teste analysemodellen på praktisk arbeid. Vi skal sjå på korleis både nye og etablerte bedrifter kan ha nytte av ein slik analyse.
Svalbard guide og hundefører Robert Nilsen i opplevelsesselskapet Svalbard Husky, med sitt hundespann. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å bruke analysemodellen på ei reiselivsbedrift

Ein som driv ei etablert reiselivsbedrift, har allereie erfaring med kor avhengig ein er av dei andre lokale bedriftene som sørgjer for at felles kundar opplever eit heilskapleg reiselivsprodukt.

Om bedrifta tener gode pengar og utviklar seg godt, er det nyttig å vite kvifor. Då kan ein gjere endå meir av det som bidrar til ei slik utvikling.

Dersom bedrifta slit, er det viktig å finne ut meir om kva som heilt konkret hindrar ei betre utvikling.

For ei reiselivsbedrift ligg ofte svara på slike spørsmål både i og utanfor eiga bedrift. At faktorane er gjensidig avhengige av kvarandre, er ein viktig del av grunnlaget for analysemodellen. Med det meiner vi at det som skjer hos samarbeidspartnarar, også er med på å bestemme kva gjester som vel vår bedrift. På same viset vil gjesteopplevingar i vår bedrift påverke korleis gjesten vel å nytte tilboda til andre bedrifter.

Den totale reiseopplevinga blir både eit produkt av serviceopplevinga i kvar enkelt bedrift, men også av evna dei ulike bedriftene har til å samarbeide.

Kva kan bedrifta få svar på?

Når ei etablert reiselivsbedrift bruker analysemodellen, kan ho blant anna få betre svar på:

  • innanfor kva for ein av dei fire primærfaktorane ho sjølv opererer
  • kva samarbeidspartnarar og konkurrentar ho har innanfor den same primærfaktoren
  • kven som er dei viktigaste aktørane i dei andre tre primærfaktorane
  • korleis kundar opplever produktet og servicen til bedrifta
  • korleis kundar opplever produkta og servicen hos samarbeidspartnarar og konkurrentar
  • korleis kundar opplever det lokale heilskaplege reiselivsproduktet
  • kva endringar og forbetringar ulike kundar ønskjer seg i det lokale heilskaplege reiselivsproduktet
  • kva for nye produkt og tenester bedrifta kan tilby i det lokale heilskaplege reiselivsproduktet
  • kva for nye produkt og tenester andre bedrifter bør vurdere å tilby i det lokale heilskaplege reiselivproduktet

Mange av desse spørsmåla har ei lokale reiselivsbedrift gode oppfatningar om. Fordelen med ein analysemodell er at han gir meir systematikk og betre høve for eit tettare samarbeid mellom fleire bedrifter.

CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 09.01.2019

Læringsressursar

Det heilskaplege reiselivsproduktet