Hopp til innhald

Fagstoff

Kvifor ein mislykkast med IKT-prosjekt

Samanlikna med andre prosjekt er det ein overraskande stor del IKT-prosjekt som mislykkast eller berre er delvis vellykka. Det vil seie at ein ikkje nådde måla, ein brukte lengre tid enn rekna med, eller det blei dyrare enn ein såg for seg.
Illustrasjon av forskjellige årsaker til at prosjekter mislykkes. Illustrasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det kan vere mange årsaker til at eit prosjekt «mislykkast», men for IKT-prosjekt er det særleg følgjande faktorar som peiker seg ut:

For dårlege kravdefinisjonar
Utydelege mål og krav er ei av dei viktigaste årsakene til at IKT-prosjekt blir mislykka. Når prosjektet ikkje er tydeleg nok definert på førehand, reduserer det sjansane for lykkast kraftig. Til dømes er ikkje resultatet tydeleg nok definert når det er avvik mellom kva brukarane og leiinga trur dei vil få, og kva dei som skal gjennomføre prosjektet, trur dei skal levere.

IKT-prosjekt fokuserer ofte også for mykje på teknologien og for lite på den oppgåva prosjektet skal løyse. Det vil seie at prosjektdeltakarane, og då særleg IKT-medarbeidarane, ikkje har kunnskap nok om kva det nye systemet skal brukast til, og korleis det kjem til å bli brukt.

Urealistisk tidsplan
Mange IKT-prosjekt har ein urealistisk tidsplan. Det er verd å merke seg at for optimistiske anslag over kor lang tid ei oppgåve kjem til å ta, er éin av dei feila IKT-medarbeidarar oftast gjer når dei planlegg prosjekt. Eksterne leverandørar som ønskjer å selje produkta sine, er gjerne også altfor optimistiske når det gjeld kor lang tid det tek å utvikle, levere, installere og køyre i gang eit system.

For knappe ressursar
Dersom kostnadene eller behovet for andre ressursar blir høgare enn venta, må prosjektet ofte avsluttast før det er ferdig. Dermed går investeringa tapt utan at verksemda oppnår den gevinsten ho såg for seg.

Manglande kunnskapar eller feil kompetanse
Altfor mange prosjekt blir sette i gang utan at den nødvendige kunnskapen er på plass. IKT-medarbeidarar gjer seg skuldige i å svare ja når dei blir spurde om dei kan ta på seg ei oppgåve som dei eigentleg ikkje har tilstrekkeleg fagkunnskap om. Ein føler kanskje at ein burde kunne gjere det ein blir spurd om, og går ut frå at ein undervegs kan lære seg det ein treng, så ein tek sjansen og seier ja.

I ein del tilfelle har verksemda heller ikkje kartlagt kva kompetanse gjennomføringa av eit prosjekt krev, før prosjektet tek til. Ein reknar med at ein kan skaffe den nødvendige kompetansen når det blir behov for han.

Manglande evne til å gjere nødvendige omstillingar
IKT-prosjekt inneber ofte at verksemda må gjere omstillingar i organisasjonen, rutinane eller andre system. Dersom ikkje leiinga eller dei tilsette er innforstått med dette, kan prosjektet feile fordi ein manglar evne eller vilje til å gjere dei omstillingane som er nødvendige for å lykkast.

I tillegg kan prosjekt også feile eller bli forseinka på grunn av

  • for store forventningar til resultatet
  • manglande styring og kontroll
  • manglande deltaking frå dei som skal bruke systemet
  • endra behov før prosjektet er ferdig

Artiklar (eksterne lenkjer):

Utydelege mål og krav er ei av dei viktigaste årsakene til at ein mislykkast med IKT-prosjekt.

CC BY-SASkrive av Arne Jansen.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2018

Læringsressursar

Prosjektorganisering