Hopp til innhald

Fagstoff

Formidling

Omgrepet formidling blir brukt i mange ulike samanhengar. Dersom du er guide og skal formidle noko til ei gruppe turistar, må du både ha fagkunnskap og kunnskap om den gruppa du skal formidle til.
Guide med rød vimpel står foran en gruppe turister. Illustrasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge

V bruker omgrepet formidling i svært ulike samanhengar. Felles for dei aller fleste av dei er at den som formidlar, altså formidlaren, hjelper ein mottakar som elles ikkje utan vidare kunne ha skaffa seg den aktuelle informasjonen eller kompetansen på eiga hand.

Vi kjem til å bruke flest døme frå guideyrket. Om du skal arbeide som guide eller ha andre roller i reiselivet, er dette den funksjonen som tydelegast byggjer på formidling om og av lokale reiselivsopplevingar. Delar av teksten byggjer på kursmateriellet til Norges Guideforbund (NGF).

Fagkunnskap og formidlingsevne

Formidlaren har gjerne ein kombinasjon av fagkunnskap og kunnskap om korleis målgruppa best tileignar seg denne fagkunnskapen. La oss ta ein mattelærar som døme:

Når du lærer matematikk på skulen, er det ei sjølvfølgje at mattelæraren har gode kunnskapar i matematikk. Som fagekspert kan ho kalle seg matematikar, men det er ingen garanti for at ein god matematikar blir ein god mattelærar.

Like viktig er det at ho har opplæring i pedagogikk og erfaring som pedagog. Denne kompetansen omfattar dei generelle evnene ho har til å lære frå seg, kunnskapane hennar om ulike elevgrupper og alderstrinn og dei ulike pedagogiske metodane og verktøya ho bruker. Sjølv om vi no nærmar oss, er det framleis for tidleg å gi henne diplom som god mattelærar.

Dei siste brikkene som må på plass for at vi skal kunne snakke om ein god mattelærar, er evna hennar til å setje saman det beste opplæringsopplegget for deg og vennene dine. Nøkkelen til å lykkast som formidlar i matematikk er å ha spesialkunnskap om korleis pensum i mattefaget best kan formidlast til elevane med deira unike behov.

Norsk kulturarv er faget vårt

Vi skal ikkje gjere deg til ein fullt utlært formidlar av norsk kulturarv. Vi skal derimot sjå litt nøyare på «faget» kulturarv gjennom nokre døme frå eit veldig stort pensum. Vi skal også sjå litt på dei vanlegaste metodane innanfor natur- og kulturformidling.

Kulturarv omfattar både naturbaserte og kulturbaserte opplevingar.

CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 14.11.2018

Læringsressursar

Turistattraksjonar og guiding