Hopp til innhald

Fagstoff

Finansiering

Finansiering handlar om måten ei bedrift skaffar pengar på og korleis pengane er brukt. Ein analyse av korleis bedrifta er finansiert, er nyttig og nødvendig. Då er det storleiken på eigenkapitalen og den langsiktige gjelda vi konsentrerer oss om.
Pengar i stablar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Langsiktig finansiering

Vi omtaler denne delen av finansieringa som den langsiktige finansieringa.

Som ein hovudregel kan vi seie at alle anleggsmidla bør vere langsiktig finansierte, det vil seie at dei bør ha finansiering som går over meir enn eitt år.

Viss den langsiktige finansieringa er større enn anleggsmidla, får vi det vi har omtalt som arbeidskapital. Eller sagt på ein annan måte: då har vi langsiktig finansiering av delar av omløpsmidla.

Frå gammalt av var det naturleg å ha eit krav om at halve varelageret skulle vere langsiktig finansiert. Dette gjaldt spesielt viss ein selde kapitalvarer, som gjerne låg på lager lenger enn varer som er lettare å omsette.

Ein kan setje opp mange nøkkeltal for finansiering, men vi skal berre sjå på den viktigaste av dei, nemleg eigenkapitalprosenten.

Eigenkapitalprosent (EK %)

Formelen for EK % er: EK ×100TK

For vår bedrift får vi: 80 364 × 100212 400= 37,8%

Ved årsavslutninga året før var EK på 23 %. Fordi overskotet frå årets drift er disponert tilbake til eigenkapitalen, får vi ei fin forbetring av EK %.

Storleiken på EK varierer med risikoen som ligg i bransjen. Kravet til EK kan derfor liggje på mellom 10 og 40 %.

Det viktige nøkkeltalet eigenkapitalprosent blir også kalla for soliditet ettersom det dreier seg om kor solid bedrifta er, eller kva evne ho har til å tole tap.

Sum anleggsmiddel19500Sum eigenkapital80364Sum omløpsmiddel192900Sum langsiktig gjeld3636Sum kortsiktiggjeld128400Sum eigedeler212400Sum eigenkapital/gjeld212400


Resultatrekneskap

Salsinntekter

1 301 000

Varekostnader

785 000

Dekningsbidrag

516 000

Andre driftskostnader

465 000

Driftsresultat

51 000

Renteinntekter

1 600

Rentekostnader

3 900

Ordinært resultat før skattekostnad

48 700

Skattekostnad

13 636

Årsresultat

35 064

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 26.04.2018

Læringsressursar

Lønsemd