Hopp til innhald

Fagstoff

IT og HMS

Arbeidsmiljølova har strenge reglar for å sikre at arbeidstakarar ikkje blir skadde eller sjuke av jobben. Arbeidstilsynet har også laga ei eiga forskrift for arbeid ved dataskjerm.
Kvinne som gjer ein armøvelse ved arbeidsplassen sin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Krava til arbeidsmiljø i arbeidsmiljølova gjeld òg for dei som arbeider med IT, men Direktoratet for arbeidstilsynet har i tillegg laga ei eiga forskrift for utføring av arbeid, der krav til datautsyr nemnast spesielt i § 10-23.

Les heile forskrifta på lovdata.no

Forskrifta stiller blant anna krav til

  • tilrettelegging og organisering av dataskjermarbeidsplassar
  • utstyr
  • fysisk miljø
  • oppfølging av synet til arbeidstakarane
  • opplæring og informasjon

Stillesitjande arbeid framfor ein dataskjerm kan vere ei medverkande årsak til helseplager. Spesielt er belastninga på synet stor.

Belastninga vil vere ekstra stor dersom arbeidstakaren har nedsett funksjonsevne, til dømes har redusert syn, lese- og skrivevanskar eller har sjukdom eller skade som gir nedsett muskelkraft eller uthald. I slike tilfelle vil det vere behov for spesielle tilpassingar av arbeidsplassen.

Forskrifta om utføring av arbeid er berekna på alle arbeidstakarar. Men som IT-fagarbeidar må du også vere merksam på skadar som kan oppstå viss du må lyfte eller flytte på datautstyr.

Unngå å lyfte eller bere tunge maskiner, skrivarar eller anna utstyr. Bruk ei tralle eller liknande for å transportere utstyr. Når du må lyfte noko – bruk riktig lyfteteknikk.

Rettleiing om arbeid ved dataskjerm frå arbeidstilsynet.no

Forskrift om utføring av arbeid, bruk av arbeidsutstyr og tilhøyrande tekniske krav (forskrift om utføring av arbeid) frå lovdata.no

Direktoratet for arbeidstilsynet har laga ei eiga forskrift for utføring av arbeid.

CC BY-SASkrive av Arne Jansen og Jan Frode Lindsø. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 02.06.2022

Læringsressursar

HMS for arbeidstakeren