Alle transportkundar ventar i dag at dei skal få dekt transportbehova sine på ein god måte. Transportkundar har likevel ulike behov, og for å kunne innfri desse behova på ein god måte må du vere i stand til å identifisere dei. Til disposisjon for å innfri behova har du
- tekniske hjelpemiddel i bussen
- deg sjølv
- det administrative støtteapparatet til arbeidsgivaren din
- infrastrukturen rundt deg
Tabellen inneheld ei oversikt over dei viktigaste hjelpemidla. Tabellen er utforma som ei sjekkliste som både serviceavdelinga og du sjølv kan bruke for å kontrollere at hjelpemidla er ok. Mange hjelpemiddel må kontrollerast før bussen blir sett i rute. Mykje av utstyret i ein buss er det passasjerane sjølve som betener, og dette utstyret bør derfor fungere. Det er irriterande for ein passasjer om ikkje leselyset fungerer ein mørk kveld. Det er også irriterande om bussklokka viser feil tid, eller om anna utstyr ikkje fungerer som det skal. Overalt der det er montert sikkerheitsbelte, er det påbode å bruke dei. Ofte kan det vere manglar ved sikkerheitsbelta. Slike manglar må utbetrast før vogna blir sett i trafikk.
Hjelpemiddel | Brukarar som hjelpemidlet er meint for | OK? (Ja/Nei) |
Overvakingskamera | Sjåfør | |
Kjettingar | Sjåfør ved glatt føre | |
Sandstrøar | Sjåfør ved glatt føre | |
Brannsløkkar | Sjåfør | Dato sist sjekka? |
Mikrofon | Alle | |
Klokke | Alle | |
Førstehjelpsutstyr | Alle | |
Bagasjerom | Passasjerar med bagasje | |
Kneling/lasterampe | Brukarar med stokk og krykker, eldre passasjerar, passasjerar med barnevogn, rullestolbrukarar | |
Billettmaskin | Passasjerar som ikkje har betalt på førehand | |
Hittegodslappar | Alle | |
«Eg reiser åleine»-lapp | Barn som reiser åleine | |
Kortlesarar | Alle | |
Toalett | Alle | Toalettpapir? Handsåpe? |
Kaffi- og temaskin | Vaksne langreisepassasjerar | Vatn, koppar, filter? |
Sikkerheitsbelte | Alle, der belte er montert | |
Stoppknappar | Alle | |
Regulerbare sete | Alle | |
System for automatisk haldeplassannonsering | Alle | |
Teleslynge | Døve | |
Rullestol- og lasterampe | Rullestolbrukarar og passasjerar med barnevogn | |
Internett | Pc- og mobiltelefonbrukarar med internettsamband | |
Bussjukeposar | Alle | |
Søppelposar | Alle | |
Leselys i hattehylle | Alle | |
Temperaturregulering – aircondition | Alle | |
Skilt for neste stopp/haldeplass | Alle (unnateke blinde og svaksynte) | |
Tidstabellar | Alle | |
Skiftplanar | Sjåførar | |
Vognplanar | Sjåførar |
Tabell: Oversikt over hjelpeutstyr som må fungere i ein buss
Selskapet du arbeider i, vil gi deg opplæring i bruken av dei ulike tekniske hjelpemidla. Dei personlege hjelpemidla du har, må du vere medviten om å bruke riktig i dei ulike situasjonane som kan oppstå.