Hopp til innhald

Fagstoff

Byggje eit personleg læringsnettverk

Eit digitalt personleg læringsnettverk er personleg. Derfor finst det ikkje nokon fasit på kva for ressursar du bør bruke, og korleis du bør bruke dei.
Mennesker som ligger i gresset i mønsteret av et hjerte. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit digitalt personleg læringsnettverk (PLN) har to delar:

  1. eit sett med tenester og verktøy på Internett
  2. ein systematisk plan for korleis tenestene og verktøya skal brukast til læring

Kva tenester og verktøy du vil inkludere i PLN-et ditt, er opp til deg. Eit læringsnettverk er heller ikkje noko du byggjer ein gong for alle. Eit godt nettverk utviklar seg heile tida. Nye tenester og menneske kjem til medan gamle forsvinn.

Det er mange moglege kjelder til informasjon som du kan inkludere. Du kan for eksempel

  • bli medlem av faggrupper på sosiale medium. Det finst mange grupper på Facebook, LinkedIn og andre sosiale medium for bestemde interesser og yrkesgrupper.
  • følgje kunnskapsrike eller profilerte personar på Twitter
  • abonnere på fagbloggar
  • abonnere på RSS-straumar frå interessante nettsider
  • følgje interessante YouTube-kanalar
  • bli medlem av fagforum

Men målet er ikkje å samle flest mogleg ressursar. Hugs at du også må kunne følgje opp dei ressursane du inkluderer. Til det treng du ein plan. Tenk gjennom kva type kunnskap og informasjon du har behov for, korleis du skal bruke nettverket ditt, og kva menneske du gjerne vil ha kontakt med.

Å inkludere for mange ressursar kan føre at den kunnskapen du faktisk har behov for, druknar i ”støy”. Målet med eit digitalt personleg læringsnettverk er at du skal

  • vite kven som har den kunnskapen du treng
  • vite kvar du finn den informasjonen du treng
  • få ny informasjon som du ikkje visste at du trong

Deling av informasjon

Utgangspunktet for Internett var at det skulle bli enklare for forskarar på universitet i ulike byar og land å dele informasjon med kvarandre. Denne delingskulturen er framleis ei av de sterkaste drivkreftene for mange av dei mest brukte tenestene på nettet i dag. Tenester som Wikipedia og sosiale medium som Facebook og YouTube er baserte på at det er brukarane sjølve som produserer innhaldet og gjer det tilgjengeleg for andre.

Med venner og kjente deler vi gjerne villig vekk, og for å få til kunnskapsdeling og læring i ei verksemd er det viktig å byggje ein tilsvarande god delingskultur med kollegaer og andre kontaktar.

Skil mellom jobb og privatliv

På same måte som vi skil mellom arbeidstid og fritid, kan det vere lurt å skilje mellom jobb og privatliv på Internett også.

Mange vel å ha to kontoar på sosiale medium som Facebook og Twitter. Éin for familie og venner og ein annan for kollegaer og anna som har med jobben å gjere.

Start med ein gong
Du treng ikkje å vente til du er ferdig med skulen før du begynner å byggje eit digitalt personleg læringsnettverk. Det er berre å gå i gang. Opprett nødvendige kontoar, legg til ressursar som du synest er interessante, inviter andre i klassen til å vere med i nettverket ditt.

Tenk på at de når de er ferdige på skulen, går vidare til ulike arbeidsplassar. Viss de allereie har eit nettverk på plass, kan de halde fram med å utveksle informasjon og gjennom kvarandre få kontakt med fleire i bransjen.

Eit godt nettverk gir også ei moglegheit til å ”marknadsføre” kompetansen din. Gode ressurspersonar blir lagde merke til, og det kan gi deg både lærlingplass og jobb.

CC BY-SASkrive av Arne Jansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 28.10.2022

Læringsressursar

Nettverk og nettverkssamarbeid