Du må vite litt om korleis du skal handtere pakkar som er sende som postsendingar. Posten hadde tidlegare einerett på alle brevsendingar som vog under 1 kg. No er grensa for eineretten til Posten redusert til 50 g.
Vi fekk ei ny postlov i 1996 med ei tilhøyrande postforskrift (sjå lenkjene i margen). Lovendringa var eit resultat av lovgivinga i EU. Postforskrifta definerer desse omgrepa:
Landsdekkende postsending | - brevpost inntil 2 kg |
---|---|
Adressert postsending | - mottakers navn og eventuell leveringsadresse er påført postsendingen |
Postoperatør | - enhver som i ervervsvirksomhet formidler landsdekkende postsendinger |
Formidling | - innsamling, sortering, transport og/eller utlevering av landsdekkende postsendinger |
Regelmessig formidling | - formidling som (for eksempel) skjer daglig, ukentlig eller månedlig gjennom en etablert budtjeneste eller liknende |
Lukket adressert brevpost | - sending som er lukket slik at det er nødvendig å bryte omslaget for å komme til innholdet |
Ubesørgelig postsending | - postsending hvor postoperatøren ikke finner frem til mottakeren eller avsenderen |
Registrert postsending | - postsending som det gis kvittering for ved innlevering og som utleveres mot kvittering |
Tabell: Omgrep ved postsendingar
I dag deler vi marknaden for post inn i registrerte og uregistrerte sendingar. Registrerte sendingar består blant anna av pakkar og rekommanderte sendingar. For slike sendingar har Posten fått konkurranse frå fleire internasjonale selskap. Eksempel er UPS, Tollpost og Schenker, som alle har eit utbygd terminalnett (sjå lenkjer i margen).
Når noko blir send som postpakke, gjeld postlova og forskrift om formidling av landsdekkjande postsendingar (sjå lenkjer i margen). Dels dreier dette seg om å formidle større brev- og pakkesendingar frå næringslivet, dels om å distribuere aviser og massepost i form av adressert og uadressert reklame. Vilkåra for slike sendingar går fram av leveringsvilkåra til postoperatøren.
Postlova opererer ikkje med nokon fraktførar som avtalepart, berre ein avsendar og ein postoperatør. Rettane til partane blir regulerte av leveringsvilkåra postoperatøren har for slike sendingar.