Internasjonalt gods er underlagt reglar i tollova. Tollova er basert på internasjonale konvensjonar om vareutveksling mellom nasjonar. Dei tre viktigaste konvensjonane er
- importkonvensjonen (krev importdeklarasjon)
- eksportkonvensjonen (krev eksportdeklarasjon)
- transitteringskonvensjonen (krev grensepasseringsattest ut av eksportlandet og inn i importlandet)
Alle land har behov for kontroll med varestraumen inn til eige land. Importkonvensjonen regulerer kva opplysningar importørar av varer til eit land må gi til tollmyndigheitene i importlandet.
Tilsvarande har alle land behov for å ha kontroll med varestraumen ut av eige land. Eksportkonvensjonen regulerer kva opplysningar ein eksportør må gi til tollmyndigheitene i eksportlandet.
Myndigheitene ønskjer å ha kontroll med eksport og import mellom landa. Transitteringskonvensjonen føreset at eit importland gir tilbakemelding til eksportlandet om at det som blei eksportfortolla ut frå avsendarlandet, er det same som det som blei importfortolla i mottakarlandet.
For å gjere informasjonsutvekslinga enklare har EU utarbeidd ein felles tollblankett som dekkjer behovet for all informasjon som nasjonalstatane treng ved eksport og import av varer. Tollblanketten kallar vi einingsblanketten eller SAD (Single Administration Document).
Tollblanketten finn du her.
I dag skjer all fortolling elektronisk ved hjelp av TVINN, fortollingsprogrammet til Tollvesenet . For å kunne fortolle elektronisk må ei bedrift vere autorisert brukar. Som yrkessjåfør eller logistikkoperatør slepp du derfor å fylle ut einingsblanketten. Vi behandlar ikkje utfylling av felta i einingsblanketten her, men du finn ei oppskrift på korleis ein gjer dette på Tollvesenet sine heimesider (sjå lenkja i margen).
Tollvesenet gjev normalt autoriserte importørar lov til å opprette tollager, der dei kan oppbevare ufortolla varer (sjå lenkja i margen). Dersom importvarer blir leverte ut frå eit slikt lager utan at toll og avgifter er betalde av vareeigaren, må tollageret sjølv betale tollen og avgiftene. Du skal derfor aldri levere ut importvarer frå eit tollager utan gyldig dokumentasjon frå mottakaren på at toll og avgifter er betalt.