Hopp til innhald

Fagstoff

Nokre viktige prinsipp

Som tryggleiksmedarbeidar bør du kjenne til kva juridiske prinsipp som ligg til grunn for lovar og reglar i samfunnet.
Norges lover
Opne bilete i eit nytt vindauge

Legalitetsprinsippet

Legalitetsprinsippet vil seie at myndigheitene (stat, kommune, politi, skattemyndigheitene og liknande) ikkje kan gjere inngrep mot samfunnsborgarar utan at dei har heimel i lov. Med andre ord: Det må finnast ein regel (lov/forskrift) som gir myndigheitene rett til å gjere noko mot oss borgarar i Noreg.

Det står i § 96 i Grunnlova at «Ingen kan dømmes uden etter Lov». Det betyr også at dersom du er ueinig med myndigheitene, kan du som borgar gå til domstolane med saka di. Domstolane kan kontrollere at myndigheitene har tilstrekkeleg heimel i lov for inngrepa dei gjer.

Eigedomsrett

Det er eit velkjent prinsipp i Noreg og i mange andre land at ein kan ha eigedomsrett til hus og gjenstandar. Det inneber at vi har rett til å bestemme kven som skal få tilgjenge til huset vi eig, og kven som kan få nytte gjenstandar vi rår over.

For ein tryggleiksmedarbeidar er det viktig å kjenne til dette prinsippet – ho tek nemleg over forvaltninga av eigedomsretten når ho for eksempel skal avgrense tilgjenget til eit kontorlokale eller eit privathus.

Eigaren av lokalet lagar gjerne ein instruks som fortel korleis tryggleiksselskapet og vektarane skal handheve eigedomsretten på vegner av eigaren.

Rettshandheving

Rettshandheving vil seie å beskytte dei rettane vi har, for eksempel eigedomsretten til den private bustaden vår. Det er i utgangspunktet det offentlege som kan drive rettshandheving.

I somme situasjonar kan den enkelte borgar drive privat rettshandheving, for eksempel ved ran eller brann. Du har då ein rett, men ikkje ein plikt til å gripe inn.

Nødverje

Med å handle i nødverje meiner vi at du kan gjere ei straffbar handling for å forsvare deg sjølv, utan at du vil bli straffa for det etterpå. Du kan for eksempel skade ein overfallsmann som er i ferd med å angripe deg, for å stoppe han.

Retten til å handle i nødverje er nedfelt i § 48 i straffelova. Men der står det også at den skaden du eventuelt påfører overfallsmannen, som hovudregel ikkje må overskride det som er nødvendig for å avverje angrepet eller forsvare deg.

Nødrett

Omgrepet nødrett er omtalt i § 47 i straffelova. Med nødrett meiner vi at du kan påføre ein eigedom eller ein gjenstand skade for å berge menneskeliv eller større verdiar.

For eksempel har du lov til å knuse rutene i ein bil for å hjelpe eit lite barn ut dersom det er tydeleg at barnet lid som følgje av ekstrem varme. Du har også lov til å bryte opp ei dør dersom du treng tilgjenge til ein bustad som står i brann.

CC BY-SASkrive av Vegard Floor Søvik og Monica Gjertsen Steinbakken. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 14.05.2018

Læringsressursar

Juss og yrkesetikk