Hopp til innhald

Fagstoff

Viktige tryggleiksfaktorar ved transportoppdrag

Her skal vi sjå på nokre faktorar som er viktige for å kunne gjennomføre eit transportoppdrag på ein trygg måte.
Bil med for stort lass. foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Organisering

Korleis transportoppdraga blir organiserte, betyr mykje for tryggleiken. Med organisering meiner vi om transportmiddelet er eigna, om dei som er involverte, har tilstrekkelege kunnskapar, og om det er tid til å gjennomføre oppdraget på lovleg vis.

Du kan oppleve at transportoppdrag blir utførte med utstyr som ikkje er eigna for oppgåva. I kampen om oppdrag kan enkelte vere villige til å «prøve seg». Fraktarane vil gjerne skaffe last, og det er ikkje alltid dei kjenner transportmiddelet. I slike tilfelle er det faglege skjønnet ditt viktig.

Kunnskap

All transport av gods og passasjerar krev kunnskapar. Somme typar gods krev i tillegg spesielle kunnskapar. Dette kan vere farleg gods (ADR-gods) eller anna gods som er vanskeleg og krev spesiell behandling.

Grønsaker og andre lett bedervelege matvarer (ATP-gods) er døme på slikt gods. Ein viktig del av organiseringa av ein transport er derfor å sørgje for at dei som er involverte i transporten, har dei kvalifikasjonane som trengst for å gjennomføre han.

Transporttid

Vi veit frå undersøkingar at transporttida er viktig anten det gjeld persontransport eller godstransport. I tilfelle der sjølve transporten er ein del av produktet, er det annleis. Dei som reiser med hurtigruta, til dømes, betaler ofte for opplevinga også.

For godstransport er kort transporttid viktig, då kort transporttid gir lågare kapitalkostnader for den tida godset er plassert på transportmiddelet. Tidsfristane er korte for alle transportformene. For vegtransporten blir korte transporttider sett på som eit konkurransefortrinn.

Tidspress

I dagens samfunn, med stort press på effektivitet, er persontransporten på vegen også under tidspress. Passasjerane vil ikkje sitje på bussen lenger enn nødvendig. Busselskapet vil utnytte arbeidstida til sjåførane best mogleg. Derfor er rutetidene knappe, og det kan lett oppstå forseinkingar dersom trafikksituasjonen endrar seg.

Yrkessjåførar vil derfor ofte vere under tidspress, noko vi veit kan føre til ein stressande arbeidsdag og over tid også til helseplager.

Her er transporttida mindre viktig.

Relatert innhald

Denne oppgåva tek for seg viktige tema som sikring av last, handtering av skadar på gods, fraktdokumentasjon og handtering av farleg gods.

CC BY-SASkrive av Per Haukeberg. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 17.12.2018

Læringsressursar

Trafikktryggleik