Hopp til innhald

Fagstoff

Livsløpet til eit produkt

Har du nokon gong tenkt over at nokre produkt «alltid» har vore på marknaden, mens andre berre eksisterer ein kort periode? Kva er det som gjer at produkt har så ulik levetid? Kva kjenneteiknar livsløpet til eit produkt?

Alle produkt og tenester har ei viss levetid på marknaden og går gjennom eit livsløp. Etter at eit produkt er utvikla og lansert, går eit produkt gjennom dei fire fasane introduksjon, vekst, modning og tilbakegang. Nokre produkt kan ha eit langt liv, mens andre produkt kan ha eit kort liv før dei forsvinn og blir erstatta av nye produkt.

Utvikling

Perioden frå ein idé oppstår og fram til produktet blir lansert på marknaden, kallar vi utviklingsfasen. Du kan lese meir om produktutviklingsprosessen i artikkelen nedanfor.

Relatert innhald

Produktutvikling er ein prosess som føregår i perioden frå ein idé oppstår og fram til produktet blir lansert på marknaden.

Introduksjon

Den fasen i livsløpet til produktet der produktet blir introdusert på marknaden, kallar vi introduksjonsfasen. I denne fasen er det viktig å vekkje merksemd og stimulere interessa blant brukarane. Det er ofte naudsynt å bruke store ressursar på marknadskommunikasjon, og det er vanleg at salet aukar langsamt.

Influensarar


I introduksjonsfasen må vi prøve å nå kjøparar som er tidleg ute med å prøve nye produkt. Influensarar er eit døme på personar som ofte er tidleg ute, og som ofte har stor påverknadskraft. Det kan derfor vere ein god strategi å prøve å nå influensarar i introduksjonsfasen. Etter kvart som produktet blir teke i bruk og det viser seg å halde mål, vil fleire og fleire prøve det.

Prisstrategi

I introduksjonsfasen har verksemder ulike prisstrategiske val. Vi kan velje å tilpasse prisen etter prisen til konkurrentane, eller vi kan prise produktet høgt for å tene mest mogleg per selde produkt. Motsett kan vi setje prisen på produktet lågt, slik at mange vil ønskje å kjøpe.

Sophie Elise Isachsen snakkar i mikrofon på ei prisutdeling. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vekst

Med vekstfasen meiner vi den fasen der produktet blir meir kjent og salet aukar. Auka sal betyr som oftast auka forteneste. I denne fasen er det vanleg at konkurrentar ser fortenestemoglegheiter og kjem med tilsvarande produkt. Auka konkurranse fører igjen ofte til ein prisreduksjon på produktet.

I arbeidet med å møte konkurransen og sikre vekst og ein god posisjon i marknaden kan verksemda vurdere til dømes nye distribusjonskanalar, nye målgrupper og nye produktvariantar.

Modning

Når salet er på topp og har byrja å flate ut, har vi kome til det som blir kalla modningsfasen. No har produktet mange kjøparar, men det finst òg mest sannsynleg mange konkurrentar. Modningsfasen kan for nokre produkt vare i mange år, tenk til dømes på oppvaskmiddelet Zalo. For å få salet av produktet til å halde fram og forhindre tilbakegang kan ei verksemd bruke livsforlengande strategiar ved å vidareutvikle produktet eller utvikle marknaden.

Vidareutvikling av produktet

Vi kan utvikle produktet vidare ved å betre kvaliteten, utvikle tilleggsutstyr eller endre design. Sjølvstyrande bilar er eit døme på korleis bilprodusentar vidareutviklar seg for å halde posisjonen sin i marknaden.

Utvikling av marknaden

Ved å prøve å nå nye kundegrupper kan vi utvikle marknaden. Vi kan prøve å få dei som tidlegare ikkje har vore brukarar av produktet, til å bli brukarar, kapre dei som er kundar hos konkurrentane våre, eller satse på nye segment.

Tilbakegang

Når salet avtek, har produktet kome i tilbakegangsfasen, og etter kvart er etterspurnaden omtrent borte. Dette kan kome av at konkurransen har blitt svært stor, slik at fortenesta forsvinn, eller at den teknologiske utviklinga har gjort produktet gammaldags eller ikkje lenger naudsynt. Det at eit produkt blir fjerna frå sortimentet og teke ut av marknaden, blir kalla produktsanering.

Enkelte produkt må bedrifta likevel halde fram med å tilby så lenge marknaden etterspør det. Dette er gjerne ein ekstraservice for å skape lojalitet. Det gjeld til dømes delar til gamle bilar og kamera.

Nokre produkt kan ha eit langt liv, mens andre produkt kan ha eit kort liv før dei forsvinn og blir erstatta av nye produkt. Til dømes oppstår motar gjerne fort, og dei forsvinn ofte fort.

Jenny Skavlan som står foran eit stativ med klede. Det ser ut som om ho snakkar til ei forsamling, sidan ho har ein myggmikrofon på seg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bolero

Veit du kva ein bolero er? Enkelt sagt er ein bolero ei kort jakke som endar under brystet. Kva fase av produktlivsløpet tenkjer du at boleroen er i?

I denne episoden av serien Avkledd ser vi Jenny Skavlan som prøver å skape ein ny trend ved å relansere boleroen. Ho får hjelp av mellom andre Herman Flesvig. Sjå gjerne fram til 13.21.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Mette Holan. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 01.10.2020

Læringsressursar

Konkurransemiddelet produkt