Hopp til innhald

Mennesket - ein risikokonstruksjon i surr med seg sjølv?

Grunngitt ros og opplevingar av å meistre gir eit positivt sjølvbilde. For mykje kritikk og mangel på varme, eller masse ugrunna ros, gir eit ubalansert sjølvbilde.
Jente som hoppar frå ein kant og ein mann som tek imot. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjølvtillit er eit folkeleg uttrykk for positiv sjølvoppfatning. Det betyr at du er sjølvsikker, stoler på deg sjølv og meiner at du er en god nok person.

- Sjølvoppfatning er eit sentralt omgrep innan kvardagsliv, kultur - romanar og teater. Ofte er sjølvbildet noko vi bruker for å beskrive nokon. Det er nesten som om det er personlegdomen det er snakk om. Vi kan til dømes sei at ein person er sjølvsikker, skråsikker, har eit oppblåst sjølvbilde, eller verkar usikker på seg sjølv. Sjølvoppfatning er alt du trur, tenkjer, kjenner og meiner om deg sjølv. Når du då vurderer sjølvoppfatninga di, seier det noko om du sjølv synes at du er en bra nok person - at du har ein bra sjølvaksept, seier Øyvind Kvello. Han er førsteamanuensis i utviklingspsykologi ved Psykologisk institutt, NTNU i Trondheim. Kvello har brei erfaring med utgreiing i barnevernssaker, frå det kommunale hjelpeapparatet og frå spesialisttenesta.

Orda sjølvbilde og sjølvoppfatning har same betyding. Sjølvaksept er kor bra ein opplever å vere som person, altså sjølvtilliten.

Dominant behov for å akseptere oss sjølv

Kva for ei betyding har det for eit barn - eller ein vaksen - å ha eit godt sjølvbilde?

- Sjølvoppfatning og sjølvbilde er prega av kven du er og miljøet du veks opp i. Kva slags sjølvbilde du har, er av stor betyding. Det er nært knytt til motivasjon og livskvalitet. Har du høg sjølvaksept, trur du at du vil meistre oppgåver, og du legg mykje krefter i å klare oppgåvene. Og med ei slik haldning er det større sjanse for at du faktisk klarer det. Du får bekrefta at du har rett, noko som gir endå betre sjølvaksept. Har du derimot låg sjølvaksept, fungerer det gjerne motsett. Trur du at du ikkje vil klare noko, legg du ikkje så mykje krefter i det. Då er det mindre sjanse for at du lukkast, og du får bekrefta at du ikkje klarte det. Vi veit at alle er fødde med eit dominant behov for å akseptere seg sjølv. Vi veit også at folk som ikkje aksepterer seg sjølv, i stor grad har psykiske problem. Denne gruppa ønskjer å akseptere seg sjølv, seier Kvello.

Dersom du veit at du er ein person som er verdt å like, synes du det er gøy å treffe andre. Trur du at andre synes du er kjedeleg og ikkje liker deg, så synes du ikkje det er så kjekt.

- Det er vondt å møte folk som ikkje liker seg sjølv. Som ser bort i staden for å møte blikket ditt, og som vik unna kontakt med andre. Då blir du sosialt sett litt handikappa. Når du begynner å kjenne at du ikkje er verdt å like, vil mange unngå sosiale situasjonar eller bli svært klamrande og innsmigrande. Ikkje noko av dette gir noko særskild lukkekjensle, seier Kvello.

Voksen og barn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stadfesting og meistring - to gode byggesteinar

For å bidra til at barnet ditt får eit godt sjølvbilde, er det to ting som har ein sterk verknad. Dette er stadfesting og meistringserfaringar. Å skryte i utide er ikkje å anbefale.

- Gi heller spesifikk ros i staden for generell ros. Sei kvifor du roser barnet. Det aukar vona for at dei kan gjenta suksessane. Det er viktig at barnet får eit realistisk sjølvbilde. Skryt vi uhemma, får barn ofte ei urealistisk sjølvoppfatning. Det er ikkje gunstig for barnet. Barn med eit realistisk sjølvbilde taklar motgang betre. Meistringserfaring handlar om å lære at ein må øva for å bli god. Klarer du å formidle dette, har du kome langt i å gi eit godt sjølvbilde. I samfunnet i dag krevs det mykje omstilling og læring, noko som gjer ein slik eigenskap ekstra nyttig, seier Kvello.

Å gi eit barn plikter og ansvar i heimen kan også bidra til å skape eit godt sjølvbilde.

- Plikter, ansvar og rettar er viktige deler av oppdraginga. Vi kan ikkje berre ha nytarar, vi må også ha ytarar. Med auka alder følgjer fleire rettar og fleire plikter. I dag er det eit problem at barn får mange gode utan å jobbe for dei. Barn som får mykje, gir lett opp ved motgang. Å vere sjølvstendig, trygg og komfortabel i sosiale fellesskap er mykje av det oppdraging handlar om, seier Kvello.

Mange forskrudde sjølvbilde i "Idol"

Kvello meiner det er openlyst at mange av deltakarane i TV-programmet Idol, er eksempel på personar som manglar sjølvkritiske evner.

- Dersom du melder deg på Idol, så meiner du sjølv at du har talent. Du har også hatt god tid til å tenkje deg om undervegs. Mange er tilsynelatande svært nøgde sjølv om det slett ikkje går bra. Eg får vondt av å sjå dei spele seg ut. Nokre av dei ser ut til å ha store psykiske vanskar, men resten - kva slags sjølvbilde har dei? Har dei fått så mykje ukritisk ros at dei har gått heilt i surr med seg sjølv? I nokre realityprogram konkurrerer ein i ferdigheiter. Men deltakarar i program som Big Brother, til dømes, kva slags sjølvbilde har dei? Av og til tenkjer eg på Andy Warhols kjende sitat - "i framtida vil alle kjempe om å få 15 minuttar i rampelyset", og tenkjer at vi har kome der no. For maken til oppslutning ... Det blir viktigare å eksponerast enn å eksponerast positivt. Kva for eit sjølvbilde gir det? Eg undrar meg over mange av dei som trur dei skal vinne Idol, og eg blir litt sint, for eg meiner dei burde ha vore beskytta mot seg sjølv. I finalen er det jo talent, men i dei innleiande rundane er det mange forskrudde sjølvbilde, seier Kvello.

Jente ser seg sjølv i spegelen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Færre plikter og fleire sjølvopptatte menneske

Andre farar han peiker på ved for høgt sjølvbilde, er dei som meiner dei er for gode til å tørke støv og vaske golv, eller som berre vil liggje på sofaen og bli oppvarta.

- Når ein stiller for få krav, og stadfestingane er ugrunna og klisjéaktige, i tillegg til at det manglar navigering etter djupare haldningar, kan du få eit oppstylta sjølvbilde. Blir det for mykje, er det ikkje sunt, og vi snakkar om psykisk sjukdom. Mange av ideala som har nådd langt innan til dømes kunst, idrett og næringsliv, kan ein gjerne stille spørsmål ved sjølvbildet til. Er det eit sunt sjølvbilde, eller er det eit ekstremt egoistisk sjølvbilde? Du vil nok finne begge deler. Det betyr at du ikkje nødvendigvis fell utanfor samfunnet ved for høgt sjølvbilde. Det kan og vere dei som Ibsen omtalte som "samfunnets støtter". Men er dei det? Spør Kvello.

- Sjølvoppfatning handlar om kva for ein posisjon du vel å ta i livet. Det er eit menneskeleg trekk å tenkje betre om seg sjølv enn det er grunnlag for. Når vi er deprimerte, tenkjer vi 50 prosent negative og 50 prosent positive tankar om oss sjølve. Når vi ikkje er deprimerte, er to tredjedelar av tankane vi har om oss sjølve, positive. Alle meiner om seg sjølv at vi er meir intelligente enn gjennomsnittet, eller betre sjåførar enn gjennomsnittet. Men eg trur vi har fått fleire sjølvopptatte menneske dei siste åra. Det er nok på grunn av ei oppdraging med mykje bejaing og lite plikter, seier Kvello.

Verst i tenåra

Sjølvbildet du har, er ikkje medfødt, det er skapt. Nokre blir født robuste, andre kan vere meir sarte typar. Størstedelen av sjølvbildet er skapt ut i frå korleis omverda har sett deg. Du kan få eit øydelagt sjølvbilde dersom du ikkje får stadfesting, eller veks opp med mykje kritikk og lite varme. Då kan du kome til å leve med eit inntrykk av at du "ikkje blei som du skulle". Slikt kan skade eit sjølvbilde djupt. Sjølvbildet er nokså fastsett ved barneskulealder. Det kan endrast, men for mange blir sjølvbildet slik det er i denne alderen, seier Kvello.

Det er tungt ikkje å meistre på skulen. Det hjelper ikkje med ros og positive tilbakemeldingar frå lærar og foreldre når ein elev ser at dei andre elevane gjer det betre på skulen enn han/ho.

- Ein amerikansk psykolog (Wigfield) gjorde ei studie i USA der han spurde 1. klassingar på første skoledag, om kven som var best i klassen. Nesten alle svarte "eg!". Eit halvt år seinare stilte han dei same elevane same spørsmål. Då rangerte elevane seg sjølv på same måten som læraren rangerte dei. Nokre får forsterka sjølvbilde, medan andre veit dei er dårlegast, seier Kvello.

Den verste perioden med tanke på sjølvbildet, er i tenåra. Mange får ein ordentleg knekk på denne tida.

- Verst er det for jenter som kjem veldig tidlig i puberteten, og for gutar som er sist i puberteten, seier Kvello.

Treng tjue stadfestingar for å vege opp ein kritikk

For å gi barna eit godt sjølvbilde og ein god start, er det viktig å vere bevisst på kva ferdigheiter, haldningar og verdiar ein vil vidareføre til barna sine.

- Bevisstheitsgrada på dette er ofte lav, og det forundrar meg. Eg trur at foreldre har mykje å hente på å bli bevisste på kva dei kan gjere for å gi barnet sitt eit godt liv, seier Kvello.

Stadfesting er sentralt for sjølvbildet, men nokre gonger er det også nødvendig å gi kritikk - korleis kan ein gjere det på ein best mogleg måte?

- Jo varmare forholdet mellom dykk er, jo meir direkte kan ein vere når ein gir kritikk. Vi tåler lite kritikk frå personar vi opplever ikkje liker oss, og tåler meir frå dei vi veit liker oss. Du skal forklare kva som er feil, men pass på at du også fortel kva barnet skal gjere i staden for. Gi heller ikkje kritikk når barnet er i affekt, då skal ein trøste og roe ned barnet. Pass også på at du ikkje blir en betrevitar. Forsking viser at vi tåler lite kritikk. Det krevs tjue stadfestingar for kvar kritikk vi får. Det vil sei at vi treng svært mange stadfestingar frå dei som skal gi oss kritikk. Pass på når du gir kritikk, at du er på gjere-nivå og ikkje vere-nivå. Fokuser på kva ein har gjort, ikkje kven ein er. Seier vi ting som at "du er slik", "du bruker alltid", så går ein lett i forsvar, seier Kvello.

Byggherren har berre ein viss kontroll

Eit dårleg sjølvbilde kan arvas - sosialt sett.

- Det er vanskeleg for foreldre med eit ubalansert sjølvbilde å få barn med godt sjølvbilde. Skamma over deg sjølv blir overført til barnet. Du kan og tenkje at "barnet mitt skal ikkje bli som meg" og gi for mange ugrunna positive tilbakemeldingar. Faren då er at barnet får eit for høgt sjølvbilde. I små samfunn kan det også være snakk om stempling. "Du veit korleis Hågensen-familien er. Der er det berre drikking og herjing. Ungane er akkurat som foreldra!". Som barn i eit miljø der det er så sterke forventningar om kva du kan bli, er det vanskeleg å gjere opprør. Det går jo, men det krev ekstra mykje, seier Kvello.

Sjølvbildet ditt blir i hovudsak forma av dei som står deg nærast.

- De næraste er dei som gleder oss mest og smerter oss mest. Det er ofte dei same relasjonane som blir nemnd når vi snakkar om kven som har bygd oss opp, som også er skuld i eit dårleg sjølvbilde, seier Kvello.

Så både for høgt sjølvbilde og for lavt sjølvbilde kan vere uheldig. Eit balansert sjølvbilde er det vi bør strekkje oss etter.

- Det er vanskeleg å skape eit individ. Det er ikkje som å bake ei kake. Det å bli menneske er ein konstruksjon der byggherren berre har ein viss kontroll, seier Kvello.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Norsk Helseinformatikk og Merethe Johannessen.
Sist fagleg oppdatert 11.05.2020