Vedlegg til oppgaven P for Produkt
No deler vi hemmelegheita med deg
No har Peppes endeleg komme til butikken! Alle produkta er laga med ekte råvarer etter den originale resepten frå 1970, frå restaurantane til Peppes. Konseptet "Lag Peppes pizza heime" er så enkelt og lettvint at alle greier det! Produkta passar til langpanne eller til to små pizzaer.
I Peppes lever vi etter mottoet: Den beste tida er den du deler med andre.
Peppes originale pizzabotnmiks
Den originale pizzabotnen til Peppes er laga etter den originale Peppes-resepten og er blitt kjend på grunn av den gode smaken på restaurantane i over 35 år. Miksen kjem i ein 500-grams pose som berre skal tilsetjast lunkent vatn. Miksen inneheld gluten.
Peppes speltbotnmiks
Peppes pizzabotn med speltmjøl har ein fyldig og god aroma og gir ei herleg kjensle av å vere mett som varer lenge. Sunn pizzaglede med 100 % speltmel! Pizzabotnmiksen kjem i ein 500-grams pose som berre skal tilsetjast lunkent vatn. Miksen inneheld gluten.