Hopp til innhald

Fakta om ansiktsgjenkjenning

  • Ansiktsgjenkjenning – slik det blir brukt i sjølvbetente grensekontrollar (EasyPass eller e-gate), overvakingskamera og inngangskontrollar – er ein biometrisk teknologi. Biometri er målbare, fysiske og personlege kjenneteikn, som for eksempel ansiktstrekk, fingeravtrykk, DNA, blodåremønster og mønster i regnbogehinna.
  • Ved ansiktsgjenkjenning i ein EasyPass-kontroll blir det sjekka at ansiktstrekka dine stemmer overeins med biletet i passet du held i handa.
  • Ansiktsgjenkjenning skal vere så nøyaktig at det ikkje skal bety noko om ein har fått bart eller skjegg – eller lagt på seg eller gått ned mange kilo – sidan passbiletet vart teke.
  • På Non-Schengen-terminalen på Gardermoen er det sett opp to e-gatar med ansiktsgjenkjenning. Du må gjennom to portar. Først skal passet lesast av, og maskina sjekkar blant anna at det er gyldig. Ved neste port stoppar ein og ser inn i kameraet på maskina. Dersom passbiletet stemmer overeins med ansiktet ditt, er alt ok, og du kan gå vidare. Vel å merke viss du då ikkje er ettersøkt av Interpol eller av andre grunnar bør sjekkast grundigare av politibetjentane i grensekontrollen.
CC BY-NC-SASkrive av Bjørn Hugo Pettersen. Rettshavar: NTB
Sist fagleg oppdatert 07.08.2014