Hopp til innhald

Kven er vi?

Nasjonal digital læringsarena (NDLA) er Noregs leiande produsent av digitale læringsressursar for vidaregåande opplæring. På plattforma vår finn du 17 000 læringsressursar, fordelte på 146 eksamensfag, og vi jobbar kontinuerleg med utvikling av nye fag.
Tre skuleelevar i tenåra jobbar saman ved ein pc. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit fellesskap av fylkeskommunar

NDLA er eit kommunalt oppgåvefellesskap som 14 fylkeskommunar deltek i. Berre Oslo står utanfor.

Vi har over 60 medarbeidarar med solid fagleg formidlingsevne og digital kompetanse. Mange av medarbeidarane våre jobbar både i vidaregåande skule og i NDLA. På denne måten er vi tett på skulekvardagen og kan lage engasjerande fagressursar.

Tilgjengeleg for alle

Ønsket vårt er å bidra til eit inkluderande kunnskapssamfunn der kunnskap er tilgjengeleg for alle. Alle læringsressursane våre er derfor opne og fritt tilgjengelege, og vi jobbar kontinuerleg for at læringsressursane våre skal bli universelt utforma.

Vi er eitt av Noregs viktigaste bidrag til arbeidet med å nå FNs berekraftsmål 4 om inkluderande og god utdanning for alle. NDLA er ein betydeleg aktør i det globale arbeidet for Open Educational Resources (OER) som alle medlemslanda til FN har forplikta seg til å satse på.

Samarbeidspartnar

Den sentrale posisjonen vår i marknaden gjer at vi ofte blir inviterte med som samarbeidspart i nasjonale og internasjonale utdanningssatsingar.

Vi er til dømes representerte i Utdanningsdirektoratet si referansegruppe for vurdering av kvalitet i digitale læremiddel, og vi er ambassadør i EPALE (Electronic Platform for Adult Learning).