Litterær tekst

Alt! Og ingenting

Publisert: 29.05.2009 (11:25), Oppdatert: 08.02.2016 (10:54)
Ingvild Fonn Asmervik. Foto.Ingvild Fonn Asmervik  
Ingvild skrev denne teksten da hun gikk i tredje klasse på Hartvig Nissens skole i Oslo skoleåret 2007/2008.

 

"Jeg har alltid vært glad i å skrive, helt siden barneskolen, men da skrev jeg mest noveller. På ungdomsskolen syntes jeg det var vanskelig å skrive artikler, og det var først i videregående skole at jeg lærte å skrive noe annet enn noveller. I tredje klasse fant jeg ut at essay var en sjanger som passet skrivestilen min veldig godt, og som jeg også syntes var gøy og lett å skrive. Dette har nok noe å gjøre med at jeg er glad i å filosofere."

 

Vi har alle ulike meiningar, i alle slags samanhengar. Også når det gjeld kunst. Eller, som eg heller vil seie, spesielt når det gjeld kunst. Medan nokre meiner at kunst er unødvendig og bortkasta pengar, finst det andre som nærast lever for kunsten. Eg har ikkje noko spesielt forhold til kunst, men er likevel ganske sikker på at eg hadde sakna den viss den forsvann. Men det blir kanskje litt feil å seie. Kunst kan vel ikkje akkurat forsvinne? Dessutan: Kva er eigentleg kunst? Eg kan ikkje tenkje meg at vi nokon gong vil finne eit felles svar på det spørsmålet. Når eg høyrer ordet kunst, er det første eg tenkjer på, bilete og skulpturar på museum. Men når Yoko Ono seier at kunsten må ut av museet, og uti gata, byen og verda, begynner eg å tenkje. Vil ikkje det eigentleg seie at kunst kan vere kva som helst?

 

Når eg tenkjer tilbake på dei kunstopplevingane eg sjølv har hatt gjennom åra, minnest eg automatisk alle musea eg har blitt tvinga med på av mora mi. Det museet eg trur eg hugsar best, er Salvador Dalí-museet i Spania. Der fanst det eit måleri av ei klokke som smelta og ein sofa som såg ut som ein munn. Dét var kunst, det. Dalí var verkeleg eit geni som hadde klart å gjere noko heilt kvardagsleg om til noko surrealistisk og uttrykksfullt. Eit kunststykke rett og slett. Men kan ikkje kven som helst klare å lage eit kunstverk utifrå noko kvardagsleg?

 

Eg trur eg var omtrent åtte år da eg vaska ein avokadostein, stakk nokre tannpirkarar i han og limte på eit par auge, og vips, var den kvardagslege avokadosteinen blitt til piggsvinet Håkon. Sjølvsagt skjønner eg at eg ikkje kan måle meg med sjølvaste Dali, men ingen kan komme her og seie at Håkon ikkje var eit lite kunstverk.

 

Eg trur kunst blir oppfatta ulikt frå person til person. Onkelen min Kjell, til dømes, var aldri med oss andre på dei tvangsbaserte museumsbesøka (han var jo vaksen og kunne bestemme sjølv om han ville vere med eller ikkje). Kjell eigde nemlig inga interesse for kunst. For han blei det å gå på museum heilt meiningslaust.

 

Eit godt døme på det motsette av Kjell er Nelle, ei jente eg såg i ein tv-serie for berre nokre veker sidan. Ho hadde eit spesielt syn på kva ein kan leggje i omgrepet kunst. Til dømes tilbaud ho turistar ein gratis guidetur, der ho sjølv var guide. Ho hadde mykje interessant å fortelje, men det ho fortalde var dessverre berre løgn. I hennar auge var dette kunst, noko eg synest er ganske interessant, spesielt fordi eg trur dei fleste assosierer kunst med noko ein kan sjå på. Med eitt kan kunst vere så mykje meir enn eit bilete eller ein skulptur. Musikk til dømes, vil eg absolutt påstå går under omgrepet kunst. Når eg høyrer på Crushing Day av Joe Satriani, får eg ei slags lykkekjensle fordi gitarspelet er så utruleg bra utført. Ein definisjon på omgrepet kunst kan kanskje vere "noko som appellerer til kjenslene våre"?

 

Nelle er ikkje den einaste som meiner at kunst er noko meir enn berre det ein kan sjå. Yoko Ono skaper kunst rundt idear, handlingar, lydar og ord. Eitt av døma hennar er å tenne ei fyrstikk og sjå på ho heilt til ho sloknar. Dette har eg gjort fleire gonger medan eg har kjeda meg, og eg må ærleg innrømme at det ikkje gir meg noko som helst.

 

Eit anna forslag ho har komme med, er å lytte til korleis byen pustar, til fem forskjellige tidspunkt på døgnet. Eg må seie eg har vanskeleg for å sjå kunsten i denne handlinga også. Men sjølv om eg ikkje kan sjå kva som er kunstnarisk med desse handlingane, vil ikkje det seie at eg utelukkar at handlingar kan innehalde kunst. Å utleie ein matteformel til dømes, kan eg sjå på som eit stort kunststykke. Kanskje kunst blir tolka forskjellig utifrå kva interesser vi har? Eg til dømes, er interessert i musikk, og matte er eitt av favoritt- faga mine. Ein fotballsupporter vil kanskje meine at fotball er den vakraste kunsten i verda?

 

Vi kan aldri bli einige om kva kunst er. Alle har si person- lege meining. For ei stund sidan blei det bestemt at stripping kan bli rekna som kunst. Sjølv om det er bestemt etter norsk lov, er det framleis mange som er ueinige.

 

Eit anna spørsmål vi kan stille, er om vi i det heile treng kunst. Ganske innlysande er det vel kanskje at vi ikkje treng kunst på same måte som vi treng vatn og mat, men kan hende vi treng den på andre måtar? Viss vi heilt hypotetisk sett tenkjer oss at all kunst blir borte, kva sit vi igjen med da? Det er mykje her i verda som eg ikkje ser på som kunst, men så finst det jo også menneske som Nelle og Yoko. Så om all kunst skulle forsvinne, ville det vel ikkje ha vore noko igjen på jordkloden? Dei to meiner jo at nærast alt kan oppfattast som kunst.

 

Men kva skal vi med kunst? La oss seie at kunsten faktisk er noko som er nødvendig for oss. Det vil seie at vi ikkje hadde klart oss utan kunsten, og da må den vel vere godt for noko? Eg blir glad når eg høyrer på Crushing Day. Eg var glad da eg var på Dalí-museet. Og eg blir glad når eg klarer å utleie ein matteformel. Kanskje kunst gjer at vi kjem i betre humør? Eg blir også imponert når eg høyrer på Crushing Day. Eg var imponert da eg var på Dalí-museet. Og sist, men ikkje minst, eg blir imponert når nokon klarer å utleie ein vanskeleg matteformel. Betyr dette at kunst blir laga for å imponere? Det er nok ikkje alltid tilfellet. Og ein kjem nok heller ikkje alltid i godt humør av å oppleve kunst. Eg blir kanskje glad av å høyre på Crushing Day, men når eg høyrer på 170 av Kaizers Orchestra, blir eg trist. Den kunsten eg opplever, kan vekkje alle slags kjensler. Kanskje er det nettopp dette kunst handlar om? Er formålet med kunst å påverke kjenslene våre?

Vi kjem aldri til å slutte å diskutere. Kva er kunst? Kvifor treng vi kunst? Finst det ikkje viktigare ting å bruke pengar på? Vi kjem heller aldri til å bli einige. Så kvifor diskuterer vi da? Kvifor stiller vi desse spørsmåla? Vi veit jo at vi ikkje kjem til å finne noka løysing. Kva er kunst? Spør du Yoko eller Nelle, svarer dei: "Alt!". Spør du Kjell, svarer han: "Ingenting".
Relatert innhold

Generelt