Fagstoff

Ved Rondane

Publisert: 18.09.2013 (11:06)

Aasmund Olavsson VinjeAasmund Olavsson Vinje (1818–1870) var forfatter og journalist.  

Diktet "Ved Rondane" er skrevet av Aasmund Olavsson Vinje og gitt ut i 1860 i diktsamlinga Ferdaminni frå sumaren 1860.

 

Vinje var, sammen med Ivar Aasen, den første som tok i bruk det nye landsmålet.

 

Diktet blei godt kjent etter at det blei tonesatt av Edvard Grieg i 1870-åra.

 

 

Vinternatt i RondaneVinternatt i Rondane (utsnitt), malt av Harald Sohlberg.  

No seer eg atter slike Fjøll og Dalar,
som deim eg i min fyrste Ungdom saag,
og sama Vind den heite Panna 'svalar;
og Gullet ligg paa Snjo, som fyrr det laag.
Det er eit Barnemaal, som til meg talar,
og gjer' meg tankefull, men endaa fjaag
Med Ungdomsminni er den Tala blandad:
Det strøymer paa meg, so eg knapt kan anda.

Ja, Livet strøymer paa meg, som det strøymde,
naar under Snjo eg saag det grøne Straa.
Eg drøymer no, som fyrr eg altid drøymde,
naar slike Fjøll eg saag i Lufti blaa.
Eg gløymer Dagsens Strid, som fyrr eg gløymde,
naar eg mot Kveld af Sol eit Glimt fekk sjaa.
Eg finner vel eit Hus, som vil meg hysa,
naar Soli heim mot Notti vil meg lysa.

Alt er som fyrr, men det er meir forklaarat,
so Dagsens Ljos meg synest meire bjart.
Og det, som beit og skar meg, so det saarat,
det gjerer sjølve Skuggen mindre svart;
sjølv det, som til at synda tidt meg daarat,
sjølv det gjer' harde Fjøllet mindre hardt.
Forsonad' koma atter gamle Tankar:
det sama Hjarta er, som eldre bankar.

Og kver ein Stein eg som ein Kjenning finner,
for slik var den, eg flaug ikring som Gut.
Som det var Kjæmpur spyr eg, kven som vinner
af den og denne andre haage Nut.
Alt minner meg; det minner, og det minner,
til Soli ned i Snjoen sloknar ut.
Og inn i siste Svevn meg eigong huggar
dei gamle Minni og dei gamle Skuggar.