Fagstoff

Salomo, midtnormalen og eg

Publisert: 28.05.2009, Oppdatert: 03.03.2017
  • Innbygg
  • Enkel visning
  • Lytt til tekst
  • Skriv ut
Maria Parr. Foto.Maria Parr  

 

 

Ein gong truga kong Salomo med å hogge eit gutebarn i to. I tillegg til å avsløre kven som var mor til guten, fekk han illustrert for all verda det idiotiske i på død og liv å skulle plassere sanninga i midten når to er usamde. Ein annan gong var eg med i spørjetevlinga 5-På, utan å ha lært akkurat det.

Det er ikkje noko eg gjerne pratar om, merkar eg. Men i 5-På lærte eg noko allmenngyldig som sit att, etter at all den sirleg innprenta allmennkunnskapen for lengst har forsvunne. Vi, 5.klasse på Fiskåbygd barneskule, var i Ålesund for andre gong på kort tid. I radio. Ikkje hugsar eg kven vi tevla imot. Sikkert nordmøringar. Eg føler dei dominerte 5-På. Vi sat i alle fall i studio, med mikrofonar. O-fagbøkene var heilt utslitne. Éin hadde endåtil lese Sunnmørsposten i siste oppkøyringsfase. Vi var så fulle av kven som var fylkesordførar i Møre og Romsdal, kva Kjelbergodden var for noko og kva ”gyte” betydde, at det var ei lukke vi hadde øyreklokker til å halde det heile på plass. Eg kunne meir då, den gongen for lenge sidan i NRK, enn eg nokon gong har kunna sidan.

Men eg visste ikkje kva eit frimerke kosta. Og nett det vart vi spurde om, på tampen av tevlinga, medan vi enno hang med og hadde von om TV-opptreden og kjendisstatus.

Vi hadde ikkje lange tenketida. Klassekameraten min på eine sida meinte det var éin pris, og han på den andre sida sa ein annan, litt høgare pris. Og så – berre for å vere heilt sikker på å ikkje svare rett – tok eg på meg den noble rolla som meklar og trumfa skråsikkert gjennom at då låg prisen ein stad midt i mellom.

Vi rauk ut av 5-På.

Eg har prøvd å leve i den trua at eg sørgde for eit kompromiss, den gongen for lenge sidan i 5-På. Men strengt teke var det vel meir ei slags diktatorisk nedvalsing av sanninga. Ein av dei to sidemennene mine visste inderleg vel kva prisen på eit frimerke var, men vart brutalt peisa til side av mitt felttog på den gylne middelveg.

Til mitt forsvar må det seiast at vi, heilt frå barnehagen av, vert innpoda at sanninga normalt sett ligg midt imellom. Kanskje kom ein der opp i krangel med eit eller anna beist i Helly-Hansen-regnklede og snørr under nasen, eit beist som til dømes heilt umotivert tok frå ein trehjulssykkelen, for så å oppleve at eit vakse menneske kom og inngjekk eit diktatorisk kompromiss på linje med frimerkedømet og sa at når de kranglar slik, tek eg sykkelen, så får de leike med noko anna. Sjølv om ein altså, før beistet kom og øydela, hadde trilla fredsælt rundt i tråd med all verdas ordensreglar. Og sjølv om ein lite forstod, så fatta ein at det hadde med ro og orden å gjere, og svelgde kamelen.

Den som hadde ete fleire slike overdimensjonerte pattedyr før skulealder, forstod ein at kompromiss var noko ein skulle skatte høgt. Og det meiner eg framleis. Men sjølv om det er lenge sidan kong Salomo var i si velmakt, og nokså lenge sidan eg var med i 5-På, så trur eg framleis det oppstår situasjonar der folk har rett. Heilt rett. Og andre har feil. Heilt feil.

Det strategiske mageplasket i spørjetevlinga, som eg kan heve meg over no, men som låg tungt for mitt magre femteklassebryst langt inn i sjetteklasse og har gjort mitt forhold til frimerke ei aning betent, illustrerer for all verda at den gylne middelveg ikkje er ei løype å halde seg til i alle samanhengar.

Det kjem inga dronning av Saba nedlesst med krydder og edelsteinar på vitjing til ein som har kamelar på menyen kvar einaste dag, og alltid plasserer sanninga midt i mellom. Og babyar bør framleis distribuerast i éin del.

Relatert innhold