Oppsummering: genitiv
Lag di eiga grammatikkside om genitiv i nynorsk. Nedanfor finn du dei viktigaste råda om bruk av s-genitiv og om andre måtar å uttrykke eigeforhold på. Jobben din er å legge til gode nynorske eksempel, minst to per punkt!
Genitiv i nynorsk
- Vi kan bruke s-genitiv ved særnamn. Da fortel s-genitiven kven som eig noko: ...
- Vi bruker s-genitiv i nynorsk ved nemningar for mål: ...
- På nynorsk vel vi oftast andre uttrykksmåtar enn s-genitiv, for eksempel
preposisjonsfrasar: ...
samansette ord: ...
eigedomsordet sin: ...
omskriving med ei setning: ... - Eigedomsordet sin bruker vi helst når det er snakk om personar som eig noko: ...
- Det finst ei rekke faste uttrykk med s-genitiv som er svært vanlege i talemålet, og derfor også i både bokmål og nynorsk: ...
Det er best å variere mellom dei ulike uttrykksmåtane som er skildra ovanfor. Alt som er gode uttrykksmåtar på nynorsk, fungerer bra også på bokmål!
CC BY-SASkrevet av Marion Federl.
Sist faglig oppdatert 04.06.2019