Øv på sterke verb: etappe 6
Nå skal du lære deg tolv sterke verb som blir bøygde (nesten) som på bokmål.
InFinitiv | Presens | Preteritum | Presens perfektum |
---|---|---|---|
å be | eg ber | eg bad | eg har bedt |
å bli | eg blir | eg blei | eg har blitt |
å dra | eg drar | eg drog | eg har dratt |
å få | eg får | eg fekk | eg har fått |
å gi | eg gir | eg gav | eg har gitt |
å gå | eg går | eg gjekk | eg har gått |
å la | eg lar | eg let | eg har latt |
å le | eg ler | eg lo | eg har ledd |
å sjå | eg ser | eg såg | eg har sett |
å slå | eg slår | eg slo | eg har slått |
å stå | eg står | eg stod | eg har stått |
å ta | eg tar | eg tok | eg har tatt |
Sterke verb – eller?
No lurer du kanskje? For er det ikkje slik at sterke verb endar på -e i perfektum partisipp, ikkje på -t eller -d? Det har du faktisk heilt rett i.
Men i moderne norsk er det dei svake verba som er vinnarane i verbkonkurransen. Ikkje nok med at vi automatisk bøyer alle nye verb i språket vårt svakt (eg googlar – eg googla – eg har googla, for eksempel): Ein del sterke verb har dessutan “meldt overgang” til dei svake verba, anten heilt eller delvis. Det er derfor nokon av verba ovanfor har perfektum partisipp som endar på -tt.
Enkelte av verba på lista ovanfor kan bøyast på to måtar. Verbet å ta kan bøyast sterkt heile vegen: eg tek – eg tok – eg har teke, eller det kan bøyast delvis svakt, som i bokmål: eg tar – eg tok – eg har tatt.
Det same kan vi gjere med verbet å gi. På nynorsk kan det heite eg gir – eg gav – eg har gitt, eller eg gjev – eg gav – eg har gjeve.
Det enklaste for deg med bokmål som hovudmål er halde deg til dei formene som nærmast bokmål. Vi har derfor berre sett opp desse formene i lista ovanfor.
Øving
Hugs stor bokstav og teiknsetting!