Fordjuping: substantiv på -eum, -ium og -um
Bøying av nokon inkjekjønnsord som er lånte inn frå latin og gresk.
Inkjekjønnsord på -eum og -ium
Nokon få inkjekjønnsord oppfører seg ikkje heilt regelrett. Dei endar på -ium eller -eum, og endinga fortel oss at dei er lånte inn frå gresk eller latin.
Mange av desse orda kjenner du sikkert, andre er kanskje nye for deg. Nesten alle ord på -eum eller -ium blir bøygde slik:
- eit medium – mediet – fleire medium – alle media
Namn på kjemiske grunnstoff
Unntak er namn på kjemiske grunnstoff. Dei har heilt regelrett bøying, men har ikkje fleirtalsform:
- (eit) helium – heliumet
Inkjekjønnsord på -um
Inkjekjønnsord på -um bøyer vi også heilt etter regelen:
- eit sentrum – sentrumet – fleire sentrum – sentruma
- eit faktum – faktumet – fleire faktum – alle faktuma
Er du usikker på korleis du skal bøye eit bestemt ord på -eum, -ium eller -um, slå det opp.
Øving 1
Mest for moro. Veit du kva orda betyr?
Øving 2
CC BY-SASkrevet av Marion Federl.
Sist faglig oppdatert 04.07.2019