Kvar, kor eller der?
Oppgåve 1
Sjå på eksempelsetningane nedanfor. Kan du formulere ein regel for når vi skal omsette hvor med kvar eller kor, og når vi skal omsette med der?
Bokmål | Nynorsk |
---|---|
Hvor bor han? Vet du hvor han bor? Hvor langt er det herfrå til Kirkenes? | Kvar/kor bur han? Veit du kvar/kor han bur? Kor langt er det herfrå til Kirkenes? |
Stiklestad er stedet hvor/der kong Olav den hellige døde. | Stiklestad er staden der kong Olav den heilage døydde. |
Løysing
Regel
- Når det må heite hvor på bokmål, omsett vi med kvar eller kor.
- Når det kan heite hvor eller der på bokmål, må vi på nynorsk bruke der.
Oppgåve 2
Oppgåve 3
No skal du få ei lita nøtt å knekke:
Kvifor må vi bruke kvar/kor i setning 1, men der i setning 2, tru?
- Ho spurde kvar/kor Isak bur.
- Ho kjenner byen der Isak bur.
Løysing
"Ho spurde kvar/kor Isak bur."
Denne setninga inneheld eit indirekte spørsmål, og her må vi derfor bruke spørjeordet kvar/kor.
- Direkte spørsmål: Ho spurde: “Kvar/kor bur Isak?”
- Indirekte spørsmål: Ho spurde kvar/kor Isak bur.
“Ho kjenner byen der Isak bur."
I denne setninga er der Isak bur ei leddsetning som presiserer kva slags by det er snakk om: Kva for ein by kjenner ho? Jo, nettopp den byen der Isak bur.
I staden for “byen der Isak bur” kunne vi også ha skrive “byen (som) Isak bur i”. Da ser du enda betre at dette ikkje er noko indirekte spørsmål.
Vrient? Viss det er ei trøyst: Dette fiksar du heilt enkelt ved å bruke språkøyret ditt!