Hopp til innhold

Litterære tekster

Åleine om det

Denne novella er henta fra antologien Ti kniver i hjertet – vår tids sagaskrivere. Den tar utgangspunkt i historien om Torgils i Sagaen om Floafolket.

Novella som lydfil:

Åleine om det

0:00
-0:00

Ho vaknar av ein kraftig krampe i beina. Dei har vore så urolege i det siste, særleg om kvelden når ho blir trøytt. Fleire tidlege morgonar har ho vakna av denne stramme smerta inni leggane, som om huda er eit nummer for lita for kjøtet og væska som ligg innanfor og pressar. Men aldri slik som dette.

Ho vrir på seg i senga, snur seg halvvegs over på ryggen og byrjar vippe fotbladet opp og ned som ho har lært.
Etter eit par minutt dreg ho dyna til side og løftar det eine beinet opp mot taket, støttar det mot det andre, bøygde kneet og vippar fotbladet opp og ned medan ho senkar og hevar beinet, stikk eine dynesnippen innunder baken så ho ikkje skal bli svimmel av trykket mot hovudpulsåra langs ryggrada.

Torgils slepper ut eit kvast snork ved sida av henne, og gutungen byrjar sparke henne i sida. Ho kjenner svevnen sige av seg, kjenner seg heilt vaken no, skiftar bein og vippar det andre fotbladet opp og ned, opp og ned. Venepumpe kalla yogalæraren det, på det eine kurset ho orka å vere med på.
Men det hjelper ikkje i natt. Krampen er like sterk og stram, ho må fram på golvet og gå, det er ingenting anna som nyttar.

Ho rullar seg over på sida, støttar seg opp med hendene og reiser seg i halvmørkret. Fotsolane kjennest tjukke og sitrande mot golvplankane, nesten visne. Ho tek nokre prøvande steg mot døra, slepper seg først frå sengekanten når ho kjenner at beina ber.
No vaknar gutungen til òg, ho kjenner kor han snur seg inne i den stadig trongare livmora, små dytt og dirringar i mageskinnet når han veltar seg rundt i vatnet, som eit stort sjødyr, ein kval, ser ho føre seg.
Snart festar han hovudet, då blir han rolegare, seier dei.
Ho synest alt han er blitt rolegare. Dei første vekene ho kjende han sparke, var det reine turnoppvisinga der inne, ho syntest ho kjende han overalt, oppe og nede, ute på sidene, han snudde seg, sparka og boksa i henne, strekte seg ut og krøkte seg saman igjen. Hadde ho ikkje visst betre, ville ho trudd at han dansa.

– Han der blir ein ekte fotballspelar, sa Torgils kry og lét den tunge neven kvile over rørslene til sonen.

Mot slutten av andre trimester byrja rørslene der inne å bli rolegare, mjukare, samstundes som sparka og slaga fekk større kraft, dei små lemmane hans bulte ut av mageskinnet hennar, drog seg av garde under det.

Ho kunne kjenne han strekke seg ut på tvers inne i henne, dei små hælane til venstre i midja, dei små olbogane til høgre.
Berre nokre veker igjen no, så skal fødselen setjast i gang, og så får dei endeleg treffe han.

Dei har ikkje bestemt namn enno, dei klarer ikkje å bli einige. Torgils vil ha eit traust, norrønt namn på gutungen. Eit som harmonerer med hans eige og namnet til far hans og far hans før det.
Sjølv veit ho ikkje kva ho vil. Synest dei norrøne mannsnamna kan vere så harde, så tunge, liksom dampande av maskulin meining og brunst.
Ho kunne tenke seg eit mjukare namn til guten, Benjamin, kanskje, eller Tobias. Eit namn som ikkje treng å gjere han så hard. Men slike namn fnyser berre Torgils av. Guten hans skal ikkje ha eit slikt feigt, jentete namn som Benjamin eller Tobias.
Det nyttar ikkje å protestere. Når Torgils først har bestemt seg, er han ikkje til å rikke.

Ho opnar døra til den dunkle gangen og går inn på badet. Ho skrur på dimmaren så berre eit svakt lys kjem på, set seg på toalettet og tømmer blæra. Ho må tisse stadig oftare, og mykje kvar gong, det kan vere eit teikn på at svangerskapsdiabetesen er dårleg regulert, har ho lese.
Ho har verkeleg prøvd, ho har det, men det er så vanskeleg. Det er så mykje ein må halde seg frå når ein blir gravid, alkohol og tobakk er éin ting, attåt kjem den gode kaffien ho pla supe i seg heile dagen, no må ho halde seg til éin heilag kopp om morgonen. Spekematen visste ho ikkje at ho skulle sakne så sterkt, ho får ikkje ete anna enn gjennomsteikt kjøt og kan ikkje kose seg med gode ostar lenger.
Og så kom denne diabetesen attpå, og ho må halde seg frå sukker og fint mjøl òg, alle slags raske karbohydrat, sa legen. Ris og pasta og poteter og søtsaker, endåtil frukt og jus må ho vere forsiktig med, og ho må halde seg til små porsjonar, får ikkje ovete meir. Kva trøyst finst der att?
Ho har prøvd, ho har verkeleg det, men det er vanskeleg når ein ikkje kan unne seg noko som helst og forma blir stadig dårlegare, ho er trøytt og kortpusta, tung og ryggvond med den digre magen, og for eit par veker sidan byrja det kome ilande smerter i bekkenet òg. Ho går som ei gammal kjerring og klarer snart ikkje kome seg opp av sofaen på eiga hand.
Og så sit Torgils der og heller innpå ein halvliter cola til hamburgaren han har kjøpt på gatekjøkenet etter trening, sit der og tømmer i seg øl etter øl og knaskar potetgull og ostepop til fotballkampen, medan ho skal sitje ved sida av han og gnage på ei gulrot?
Det er for brutalt. Ho kjenner seg så åleine om alt saman.

Ho skjønte teikninga allereie før glukosebelastningstesten ho tok i svangerskapsveke 26. Ho var så ulideleg tørst heile tida, og etter ho hadde ete noko litt for søtt eller feitt til lunsj, blei ho så forferdeleg trøytt, ville berre legge seg og sove, medan hjartet banka hardt og fort i bringa. Det var berre så vidt ho klarte å halde seg vaken ved kontorpulten den siste tida før ho blei sjukmeld.
Dessutan ligg det til familien, både mor hennar og onkelen har fått diabetes 2 etter at dei bikka 60, og ho skårar på ein del andre tilleggsfaktorar òg: høg alder, lett overvekt.
Ho prøvde verkeleg å slanke seg før ho blei gravid, ho har i grunnen alltid prøvd å slanke seg, sidan ho bikka tjue og kiloa byrja snike seg på. Det har vore ein evig kamp, ho mot feittet. Ein kamp ho aldri har klart å vinne. Ikkje er ho glad i å trene heller.
Men det med alderen har ho ikkje kunna gjere noko med. Ho trudde ho skulle følgje den vanlege løypa då ho blei saman med Andreas i studietida. Dei flytta saman etter eit år, og ho byrja drøyme om å kjøpe husvære i lag, om å gifte seg og få born. Men så gjorde han det slutt ein månad før 30-årsdagen hennar, og etter det gjekk det fleire år før ho trefte Torgils.
Han var ti år eldre og nyskild, med to halvvaksne ungar frå første ekteskap, og lenge sa han at han ikkje ville ha fleire born, han hadde fått dei han skulle ha, no ville han nyte livet som vaksen. Men ho var 35 år og håpte han ville endre meining.
Eigentleg gjorde han aldri det, men ho tok ein spansk ein med p-pillene. P-piller er jo aldri heilt sikre likevel. Så blei ho endeleg gravid, men då var ho alt blitt 39 år, ho rekk akkurat å føde før ho fyller 40 i mars.
Heldigvis tok han det med fatning. Rett nok prøvde han å føreslå abort heilt i starten, men då slo ho seg fullstendig vrang. Truga med å reise frå han og oppdra ungen åleine, han skulle ikkje få sjå snurten av det barnet viss det var slik det skulle vere.
Han hamna på fylla nokre dagar, så kom han tilbake til henne, spak og skjelven, og sa at det var greitt, han skulle ta ansvar, han var jo ein ekte mann, for svarte.

Han var seld etter den første ultralyden i veke 12. Tårene stod i auga på han då han såg den vesle kroppen snu seg og sparke på skjermen, då han fekk høyre den raske hjartelyden og vite at alt såg bra ut: akkurat passe mange kromosom og nakkefald med rett tjukkleik etter den statlege norma.
Då dei såg ungen suge på tommelen, legge hovudet attover og gape på neste ultralyd i veke 18, byrja tårene hennar å renne òg. Og då dei fekk vite at det var ein liten gut som låg der inne, var det gjort. Torgils byrja drøyme. No gledde han seg verkeleg til å bli far igjen.
Det var det ho visste. Ein angrar aldri på eit barn.

Ho tørkar seg og vaskar hendene. Trakkar litt opp og ned på det varme badegolvet med dei visne, rare føtene. Krampen har gitt seg litt no som ho har fått bevegd seg, men leggen kjennest framleis underleg stram, og ho har fått ein intens verk i skallen.
Ho ser nedover seg sjølv, men får ikkje auge på føtene der nede under den store magen, så ho skrur lyset på fullt og stikk ut rumpa.

– Å, skit!

Ho tek hendene til munnen når ho ser beina sine. Tjukke og trutne av vatn, som to stive tømmerstokkar under henne. Ikkje rart ho har fått krampe.

– Men dette kan ikkje vere bra, mumlar ho og kjenner pulsen auke.

Ord som svangerskapsforgifting og eklampsi formar seg i hovudet hennar. Både legen og jordmora har åtvara om dette, det er større sjans for svangerskapsforgifting om ein ikkje regulerer diabetesen skikkeleg, og ho har hatt spor av protein i urinen på dei siste tre kontrollane og eit blodtrykk som har vore akkurat litt for høgt.
Og no har ho fått massar av vatn i kroppen, som har det gått hòl på fostersekken og vatnet derifrå har siva ut i lemmane hennar.
Ho hiv etter pusten og kjenner hjartet rase i bringa. Ho ser på seg sjølv i spegelen og får eit nytt sjokk. Andletet er tjukt og pløsete, ho trykker på dei hovne kinna med fingrane og ser dei kvite merka etter fingertuppane henge att lenge etter at ho slepper.

– Torgils!

*

Han hatar den kvalme sjukehuslukta. Lukta av medisinar og buljong, klorin, sjukdom, blod og avføring. Han travar opp og ned dei lange gangane, att og fram, runde etter runde. Det kriblar i heile kroppen, han knyter og løyser nevane, har ikkje fred til å sette seg. Skal han ta endå ein kopp kaffi frå kanna? Kjøpe seg noko frå automaten?
Han ristar på hovudet. Dreg dei store nevane gjennom håret, flettar fingrane rundt bakhovudet, kjenner hjartet dunke så hardt og sterkt som det aldri har dunka før, kjenner den grunne pusten gå fortare enn han nokon gong har kjend, sjølv ikkje etter ei lang og hard treningsøkt.
Han er i god form, sjølv om han nærmar seg femti. Er stolt av dei bulande musklane i armar og lår, dei digre, hårete brystmusklane, den breie ryggtavla han har trena fram gjennom fleire år på styrkemaskinene.
Men no kjenner han seg svak og liten. Det er ingenting han kan gjere. Mari ligg der inne på operasjonsstova og føder ungen hans, og han kan ikkje gjere noko for å hjelpe henne.

Ambulansen kom på ti minutt etter at han ringde fødeavdelinga, og han bar henne ut sjølv, la henne varsamt frå seg på båra. Dei sette på både lys og sirener endå det ikkje var andre bilar i sikte så tidleg på morgonkvisten. Ein disig februarmorgon, kaldt rim over brune åkrar.
Han hadde sove så tungt, men no kjende han seg lys vaken, som hadde han aldri vore meir vaken før. Adrenalinet pumpa i kroppen hans, han heldt fast om den vesle, pløsete handa hennar, såg på det ukjennelege, hovne andletet på den kvite puta, auga hennar smale striper under dei tynne bryna.

– Dette går bra, sa han, igjen og igjen, – dette går bra, vesla mi.

Ho nikka og glipte med dei smale auga, pusten hennar gjekk fort, pulsen var forskrekkeleg høg.

– Vi er der snart, sa han, – berre nokre minutt igjen no, så er vi framme.

Dei trilla henne fort inn, og han sprang ved sida av, heldt henne i handa så lenge han kunne. Så måtte han forlate henne medan ho blei trilla inn på operasjonsavdelinga til hastekeisarsnitt. Måtte stå att der ute i dei kvite, gyngande gangane, under det grelle lyset som blinka og dirra, utan å vite kor han skulle gjere av hendene sine.
Kor lang tid kan det ta?
Han har ikkje klokke og har gløymt å ta med mobilen, han veit ikkje kor lenge han har vore her.
Han set seg på ein polstra stol med flekkete, blått trekk og heng framover låra med dei falda hendene mellom knea. Eine beinet ristar, han utstøyter ein lyd, ei blanding av sukk og grynt, han rettar seg opp og dreg hendene over andletet, gjennom håret, kor lang tid kan det ta?

Omsider kjem det ein sjukepleiar ut og seier namnet hans. Han reiser seg og følgjer henne innover dei krengande gangane. Får på seg skoposar, papirfrakk og papirhatt, han må vaske hendene grundig. Han spritar dei i same slengen. Så får han bli med inn.
Mari er ikkje der. Berre ein nyfødd liten spedunge med lyseraud hud under det kvite laget med fosterfeitt.

– Er han min, spør Torgils.

Pleiaren som held ungen, nikkar alvorleg og legg barnet over i armane hans.

– Kor er Mari?

– Dei opererer på henne framleis, seier sjukepleiaren som henta han.

– Set deg her, ho peikar mot ein stol, – så kjem legen og snakkar med deg når dei veit meir.

Han set seg, held varsamt om den vesle ungen, som gliper mot lyset med dei mørke auga, forvirra av det brå skiftet i omgivnader, frå den mørke, varme fosterhola til dette: kald, strøymande luft, sterke lydar, eit kvitt, blendande lys.

– Kan de skru av lyset, seier Torgils, og det blir mørkt.

– Sånn, seier han til ungen og lukkar handa om det vesle hovudet hans.

– No er du trygg. Og snart kjem mor di og gir deg mjølk. Vi må berre sitje her og vente litt, vi to. Så kjem ho.

*

Nøkkelen ristar når han prøver å låse opp ytterdøra, treffer ikkje hòlet. Ungen ligg i ein bilstol han fekk låne på sjukehuset, alt skjedde så fort, dei rakk ikkje ta med seg noko, ikkje eingong fødebagen som hadde stått pakka og klar inne på soverommet i to veker, med sjampo, tannbørste og deodorant, ei laus bomullsbukse og mjuke amme-bh-ar, eit hentesett til ungen, ei tom drikkeflaske, posar med nøtter og sjokolade, energibarar og ein sportsdrikk som kan blandast ut i vatn, det var hans idé.
Ikkje at ho trong noko av det; ho kom aldri ut av operasjonssalen i live.
Han skjønte det ikkje då dei sa det til han, han skjøner det ikkje enno, at ho aldri skal kome heim meir.

Døra går opp og han ber den vesle ungen inn i gangen og vidare inn på stova. Set bilstolen forsiktig frå seg på golvet. Vil ikkje vekke han no som han søv så godt. Går tilbake og lèt døra forsiktig att. Blir ståande i gangen med skoa på, lener panna mot den kalde ytterdøra. Veit ikkje korleis han skal orke dette. Den tomme leilegheita, den tomme madrassen i dobbeltsenga, dyna hennar og puta som luktar henne, dei brukte øyreproppane hennar under puta, dei skitne kleda hennar i skitentøyskorga, håret hennar på hårbørsten, sminka hennar i skapet, alle kremane hennar og såpene i dusjen, dei brukte handdukane hennar på knaggane på badet, teen ho likte så godt, som han syntest lukta parfyme, og skoa hennar i gangen; alle skoa som var blitt for små for henne, som ikkje passa lenger til dei hovne føtene.
Kva skal han gjere med alt saman no?
Ho er overalt rundt han, det er ho som har valt ut spegelen på gangen og bordet som står under, det er hennar keramikkskål dei legg nøklane i, det er ho som har kjøpt dei innramma trykka som heng på veggen, det er ho som har passa plantene, alle dei grøne plantene som finst overalt i huset, som han gløymer å vatne viss ho ikkje minner han på det.

Han kunne vore lenger på sjukehuset. Dei tilbaud han det. Ville lære han alt som er å kunne om barnestell, var vel redde han skulle vanskjøtte ungen, ikkje klare å halde liv i han.
Han lét dei undersøke sonen frå topp til tå, gi han mjølk frå morsmjølkbanken, og han tok imot ei oppfrisking på tillaging av morsmjølkerstatning, bleieskift, bading og navlestell, men blei fort lei av den nedlatande haldninga.

– Eg har to ungar frå før, sa han skarpt, – eg veit korleis ein held liv i ein unge. Sjølv om eg er mann.

– Ja, ja, eg skal kontakte helsestasjonen med det same eg kjem heim, sa han på veg ut døra med ungen i lånte klede, i den lånte bilstolen.

– Ring viss det er noko, ropte dei etter han då han gjekk ut i den snøkalde morgonen og sette seg i baksetet på taxien som stod klar utanfor, men han visste han ikkje ville ringe, ikkje dei, ikkje helsestasjonen, ikkje den fordrukne svigermora inne i byen.

– Køyr oss heim.

Og her er dei. Han og ungen.
Leilegheita er mørk og kald. Han trykker inn lysbrytaren på gangveggen og løftar panna frå døra. Sparkar av seg skoa. Møter blikket sitt i spegelen. Han ser gammal ut. Ein olding. Har ikkje sove på tre døger, ikkje sidan Mari vekte han om morgonen og alt skjedde så forskrekkeleg fort.
Inne på stova ligg ungen i bilstolen. Han vegrar seg for å gå inn til han. Hadde tenkt det skulle bli godt å kome vekk frå det hersens sjukehuset, dei lysande, sterile veggene, det grelle taklyset, luktene. No kjennest det som om veggene her heime trykker seg mot han, som om det manglar luft her inne.

– Ta deg saman, seier han til det morske andletet i spegelen.

Han knyter nevane, rettar seg opp og går inn på stova.
Ungen søv i stolen. Han er ørliten, perfekt forma. Hovudet hans rundt og vakkert, det vesle andletet fredeleg i svevnen. Torgils står og ser litt på han. Så går han forbi og byrjar på trappa. Når han kjem opp i gangen, går han rett inn på det mørke soverommet og stenger døra etter seg. Legg seg på hennar side av senga, i sengekleda hennar, kjenner lukta hennar og lét alt kome, lét tårene sine bløyte det blomstra putevaret.

Han vaknar og skjøner ikkje kor han er. Ei lysande rand rundt gardina fortel at han er på soverommet, men han ligg på feil side av senga. Korfor gjer han det?
Så kjem alt tilbake, som kasta over han, og han kjem på ungen. Ungen som ligg åleine i stova. Ungen som har lege der åleine gudane veit kor lenge.
Han lyttar. Høyrer han noko? Ligg ungen der nede og skrik?
Alt er stilt. Kroppen er tung, som fylt av bly. Hovudet dundrar. Munnen er tørr. Han strekker seg etter vassglaset på nattbordet hennar. Vatnet er fullt av små bobler og smaker emment, men han drikk opp alt likevel og set glaset tilbake der det stod.
Så set han seg sakte opp.

Ungen ligg der han forlét han. Ligg og gliper med auga, utan å lage ein lyd.

– Er du der, seier Torgils, og stemma hans lagar ein hol klang i rommet.

Ungen kvepp litt, blunkar med dei mørke auga.

Torgils kjenner det fløyme varmt i bringa, skundar seg bort til guten og løftar han varsamt opp. Tek av han hua og jakka, held han tett inntil seg. Guten smattar.

– Er du svolten, vesle mann?

Ungen geispar, og Torgils ber han med seg inn på kjøkenet og set over vasskokaren, finn fram pakken med morsmjølkerstatning dei har sendt med frå sjukehuset, ei flaske dei presiserte at han må sterilisere sjølv mellom kvar mating, men dei har gjort det for han denne gongen.
Han blandar pulver og varmevatn i flaska og heller kaldt vatn i ein kjele, set flaska i vassbad.

– No skal det snart bli mat, seier han til spedungen som kviler i den digre famna hans.

Han stryk fingeren over det vesle kinnet, huda er mjuk og glatt, han hadde gløymt kor glatt hud spedbarn har, at noko kan vere så mjukt, så nytt og reint.

Etter at han har rista ut nokre dropar på handleddet og forsikra seg om at mjølka er passeleg varm, tek han med ungen og flaska opp på soverommet.
Hud mot hud, sa dei på sjukehuset, det er det beste både for han og ungen, for tilknyting og tryggleik.
Så han dreg av seg t-skjorta og kler av ungen, som skjelv litt når den svale soveromslufta treffer den tynne huda.
Så legg han seg til med ungen på brystet og breier dyna hennar over dei, kjenner den varme, spede kroppen mot sin og får tårer i auga igjen, skundar seg å gi ungen flaske, han syg ivrig på smokken med høge smatt.

– Det er ikkje noko til mor du har fått, kviskrar Torgils medan tårene renn. – Men far for deg skal eg iallfall vere, vesle Benjamin.

Ungen har tømt flaska og Torgils legg seg bakover med ungen på magen, kjenner trøyttleiken sige på, høyrer dei små sukka frå den vesle, søte, mette sukk.
Så kjenner han eit fråspark mot magen og ser den vesle kroppen skuve seg oppover mot brystet hans, suge seg fast i den eine, hårete brystvorta.

Kilde

Basso, Aina. (2018). Ti kniver i hjertet. Oslo: Gloria forlag

Relatert innhold

Begrenset brukSkrevet av Aina Basso. Rettighetshaver: Aina Basso
Sist faglig oppdatert 14.10.2020

Læringsressurser

Kjønnsroller i tekster