Hopp til innhold

Litterære tekster

Vi, dei fattige. Åtte forteljingar om barnefattigdom (utdrag)

I boka Vi, dei fattige. Åtte forteljingar om barnefattigdom forteller forfatter Maria Lavik om hvordan det er å vokse opp i fattigdom i Norge. I boka møter vi åtte anonymiserte barn og foreldre som forteller om liva sine. I disse to utdragene møter du Anna, Georg og foreldrene deres.

Utdrag 1

Korleis kan me halda oss i live med så lite?

– Hei, skatt.

Fredrik kikkar opp på Georg. Guten som står i døra, er tynn, med ei litt grasiøs haldning. Han har ei svart T-skjorte med Minecraft-logo stappa nedi buksa.

Eg spør korleis han har hatt det på skulen i dag. Georg viser med ei comme ci comme ça-rørsle med hendene. Dagen har vore kaotisk, med masse krangling mellom folk i klassen. Georg seier han pleier å trekka seg unna når dei andre kranglar. Han veit om eit roleg skogholt i utkanten av skulegarden. Då høyrer han bråket berre på avstand.

Også forholdet til lærarane kan vera kaotisk. Nyleg låste ein lærar Georg inne på eit mørkt, lite kott. Læraren blei sint fordi han hadde prata i timen. Georg seier han berre lo då han stod inne på det mørke kottet.

– Når ein bruker sarkasme, slepper dei ein fort ut. Dei synest ikkje det er noko gøy når ein ikkje blir redd.

Fredrik seier han har meldt den saka med læraren til politiet.

I sommar har Georg vore mykje åleine eller saman med pappa. Georg seier det ofte er betre. Det er ikkje så mykje styr med det. Då har han litt meir kontroll på ting.

Det er ikkje så lett for Georg å ha kontroll i møte med mange av dei i klassen. Dei lagar masse drama. Dei stenger han ute. Dei seier: Hald kjeft, du er gay. Når han prøver å fortelja om ting han kan, i timen, så kan dei seia: Ingen spurde deg.

Georg trur han veit kvifor det er sånn.

– Eg er sikker på at det er på grunn av utsjånaden min. Det er det dei fleste snakkar om. Dei kommenterer korleis nasen min ser ut, og at eg er skinny.

Fredrik bryt inn:

– Dei andre ser heilt like ut. Eg skjønar det ikkje. Me har teke saka opp med mobbeombodet og Fylkesmannen.

Fredrik begynner å kutta opp grønsaker til ein heimelaga lasagne. Han liker å laga skikkeleg mat. Eg fortel Georg at eg skriv ei bok om familiar som er fattige i Noreg. Eg spør om han føler at han og pappa har dårleg råd. Han svarar kontant ja.

– Me må ofte spørja mamma eller farmor om ting me treng, som mat og drikke. Eg synest det er dumt. Kvifor klarer me ikkje å få det sjølve? Eg har tenkt lenge at me har dårleg råd. Det berre er der, liksom.

Fredrik bryt inn og seier at då han var i jobb, då hadde dei meir pengar.

Georg held fram:

– Og sidan det med ryggen til pappa, så ... Korleis kan me halda oss i live med så lite? Me betaler 10 000 kroner i månaden i husleige. Eg tenker på det nokre gonger. Men for meg har det alltid vore sånn.

Eg spør korleis dei andre i klassen har det heime.

– Eine venen min har ein pappa som jobbar på oljeplattform. Han har nesten alt. Dyre ting. Sko og klede med Gucci-logo. Ein annan ven er litt meir som meg. Det er litt enklare då.

Før var det han pappaen som jobba i olja, som eigde husværet dei to bur i. Georg seier han syntest det var rart at dei gav pengar til foreldra til venen hans.

Georg er i ein brytningsfase; om eit år skal han begynna på ungdomsskulen. Mange i klassen har alt tjuvstarta på puberteten. Gutane sender porno til kvarandre på Snapchat og har laga eit poengsystem for å vurdera rumpene til jentene i klassen.

Slik billig anatomi er ikkje interessant for Georg. Han er oppslukt av vitskap og drøymer om å bli oppfinnar. Han elskar å snakka om sitt favorittgrunnstoff thorium og alt ein kan bruka det til. I vår sat han oppe med pappa og såg på utskytinga av romskipet Space X. I stova står ein stor stjernekikkert. For ikkje lenge sidan skulle dei sjå på planeten Venus saman. Men så kom skyene og månen og stilte seg i vegen.

På fjernsynet kjem ein jamn straum av YouTube-filmar av folk som speler dataspel. Georg liker dataspel, han seier dei gjev ein unik følelse samanlikna med den ekte verda. Tankane blir meir kreative. Han må både bruka fantasien og tenka strategisk.

Georg seier han liker å finna svar på spørsmål, men at han aller best liker å stilla dei.

– Eg får idear når eg sit i bilen eller her i stova. Eller eine gongen då eg skulle til psykologen. Då tenkte eg på ein rakett der den som styrer, kan sitta i midten på ei kule, så kan ein sjå utover i 360 gradar.

Fredrik bryt inn:

– Kva sa eg var problemet med den raketten, Georg?

Dei to begynner å diskutera om ein thoriumgenerator kunne ha fungert på raketten. Fredrik seier thorium er som eit batteri og ikkje vil fungera til å skyta opp ein rakett. Georg foreslår å heller bruka antimagnetar eller sentrifugalkraft for å pressa romskipet ut i rommet.

Fredrik seier:

– Tankane hans er gode, men dei let seg ikkje gjennomføra. NASA var inne på same tanken, men dei fann ut det var umogeleg å få til.

På fjernsynet dukkar ein ny video opp. Georg bryt inn: Dette er spelet eg speler med pappa. På skjermen køyrer ein bil rundt i eit dystopisk landskap. Det er frå GTA.

Eg spør kva spelet handlar om, og Georg svarar: Fridom. Eg spør om det er ekkelt å sjå folk som døyr i spelet. Georg seier ein vanlegvis ikkje ser dei som døyr. Skjermen går berre i svart, og det står "WASTED" i raud skrift.

– Bortsett frå når du er den som drep dei. Då ser du dei som er døde. Men eg reagerer ikkje på det. Eg pleier berre å drepe dei som er frekke mot meg eller pappa.

Fredrik fortel at det er ei jente i parallellklassen som er misunneleg på Georg fordi han får spela GTA med pappaen sin.

Georg går rundt og fniser. Han har ikkje ete lunsj, for han likte ikkje matpakka. Til frukost åt han ei skive med Nugatti. No drikk han brus, og klokka er halv tre. Fredrik ber han ta seg eit glas vatn, så han får stabilisert seg litt. Det er enno nokre timar til middag.

s. 46–49

Utdrag 2

Me som har stått med lua i handa, har mykje å tilføra politikken

"Mamma, er me fattige?"

Anna kikkar spørjande opp på mamma Eva. Det er ganske snart leggetid, og dei to står saman på badet. Anna har tannbørsten i handa, og i spegelen kan dei to sjå kvarandre.

Mora har bleikt hår og svart eyeliner rundt store auge. Ho elskar å snakka og bryt ofte ut i ein smittande latter. Anna er meir sjenert. Ho har lyst, fjonete hår og er litt engsteleg av seg. Men heldigvis trur ho nesten alltid på det mamma seier.

Det stikk i Eva. Det er så mange ting ho kunne ha fortalt dottera på sju. Ho kunne avslørt at den dyre dokka som Anna fekk til jul, den som ser ut som ein ordentleg baby, den kom frå ein organisasjon som hjelper fattige familiar.

Eva kunne ha sagt at mamma av og til ikkje får middag om Anna tek med heim vener etter skulen. Då tek Eva heller ei brødskive, så det er nok mat til gjesten. Eva kunne ha sett i spegelen og gapa opp slik Anna gjer når ho er hjå tannlegen. Så kunne Eva ha peika på hjørnetanna og fortalt dottera om rotbetennelsen som ho har gått med i tre år no. Behandlinga er for dyr.

Sjølvsagt seier ikkje Eva noko av dette. Ho smiler heller til Anna og fortel at dei to er heldige. Dei har jo ei seng å sova i, dei har internett, fjernsyn og mat i kjøleskapet. Kanskje har dei litt mindre å rutta med enn familiar der mamma og pappa bur saman. "Me må vera litt meir forsiktige med pengane enn sånne familiar. Det hender me må kjøpa toalettpapir i staden for iskrem", seier Eva med litt myndig stemme.

Anna forsikrar mora om at ho ikkje synest at dei er fattige. For venninna med foreldre frå Somalia, ho har jo ikkje leiker eingong. Og det har Anna, sjølv om mange av leikene er arva eller brukte. Ho har til og med eit prinsessepiano som ho har tenkt til å gje til venninna.

Heime hjå ei anna venninne må pappaen sova på ein madrass i stova. Venninna deler soverom med mora. Dei har flykta frå krig i Afghanistan. Anna har eit eige soverom og har ikkje opplevd krig.

Men Anna har begynt å legga merke til kva dei andre barna i klassen har. Ho skulle ønskt at mamma hadde råd til å kjøpa nye, fine klede. Sånn som ein kosedress som ser ut som ein einhyrning eller gepard, sånn med hale som ein kan ta av.

Foreløpig er Anna nøgd med kleda som ho arvar, eller som mamma kjøper brukte. Men Eva veit at nye tider kjem, og det kanskje snart. Enn så lenge har ho ei dotter som trur på det meste mamma seier.

s. 104–105

Kilde

Lavik, M. (2021). Vi, dei fattige. Åtte forteljingar om barnefattigdom. Oslo: Samlaget.

Relatert innhold

Begrenset brukSkrevet av Maria Lavik.
Sist faglig oppdatert 26.01.2022

Læringsressurser

Utenfor eller innenfor?

Fagstoff

Oppgaver og aktiviteter

Kildemateriell