Hopp til innhold

Oppgaver og aktiviteter

Oppsummering: samsvarsbøying

Samsvarsbøying av perfektum partisipp er ikkje noko enkelt grammatikk-emne. Denne oppsummeringa er derfor litt enklare enn vanleg: Du kommenterer konkrete eksempel.


Oppsummeringsøving

Rett eller feil form av perfektum partisipp? Vurder om partisippet i eksempelsetningane skal ha samsvarsbøying eller ikkje, og om partisippforma er korrekt. Grunngi svara dine.

Full samsvarsbøying og forenkla samsvarsbøying

  • I fagstoffet om samsvarsbøying har du lært det vi kallar full samsvarsbøying av perfektum partisipp i nynorsk.
  • Om du vil, kan du i staden bruke såkalla forenkla samsvarsbøying. Da kan du droppe samsvarsbøying av svake verb etter å vere og å bli, og du kan for eksempel skrive rapporten er sendt eller pasientane blei undersøkt i staden for rapporten er send og pasientane blei undersøkte.
  • Men du må likevel samsvarsbøye når partisippet står framfor eit substantiv: ein send rapport, eit sendt brev, sende e-postar.
  • Du må dessutan alltid samsvarsbøye perfektum partisipp av sterke verb, både når dei står framfor substantivet og når dei står etter å vere og å bli: sungne songar, songane er sungne osb.

Sluttord

Hugs at samsvarsbøyinga uansett ikkje vil vere det som feller deg når du skriv nynorsk. Det er flott om du får til samsvarsbøyinga heilt eller delvis, men langt viktigare er det at du er flink til å velje ein klar, aktiv og munnleg uttrykksmåte og at du elles bøyer verb, substantiv osb. så korrekt som mogleg.

CC BY-SASkrevet av Marion Federl og Åsa Abusland.
Sist faglig oppdatert 28.06.2019

Læringsressurser

Nynorskkurs