Øv på sterke verb: etappe 2
Nokon vanlege sterke verb følger same bøyingsmønsteret som verbet å bryte:
INfinitiv | Presens | Preteritum | Presens perfektum |
---|---|---|---|
å bryte | eg bryt | eg braut | eg har brote |
å fryse | eg frys | eg fraus | eg har frose |
å krype | eg kryp | eg kraup | eg har krope |
å lyge | eg lyg | eg laug | eg har loge |
å nyte | eg nyt | eg naut | eg har note / eg har nytt |
Forklart på fagspråket: Desse verba får vokalskiftet y – au – o. Alle har lang y som rotvokal i infinitiv, og rotvokalen er y i presens, au i preteritum og o i perfektum partisipp. Lær deg verba og gjer deretter øvingane.
CC BY-SASkrevet av Åsa Abusland.
Sist faglig oppdatert 01.07.2019