Hopp til innhold

Oppgaver og aktiviteter

E-verb og a-verb

Verba er noko dei fleste slit med når dei skal skrive nynorsk. Her skal du lære om dei to vanlegaste verbtypane: e-verb og a-verb.

Øving 1

Start med ein liten, uhøgtidleg test!

E-verb

E-verb er enkle å lære seg. Dei fleste e-verba blir nemleg bøygde heilt likt som bokmålsverba:

å kjøpe – eg kjøper – eg kjøpte – eg har kjøpt

A-verb

A-verba får -a i både nåtid og fortid, bortsett frå i infinitiv. Infinitiv er den forma som vi set å framfor. Det er infinitiven som er oppslagsforma i ordlista.

å kaste – eg kastar – eg kasta – eg har kasta

Øving 2

A-verb og e-verb

Korleis kan du vite om verbet er a- eller e-verb?


Du kan sjølvsagt slå opp i ordboka på kvart einaste verb, men det er mykje enklare å lære seg dette tipset:

  • Kva preteritumsform bruker du i ditt eige talemål?
    (Preteritum er enkel fortid, som kjøpte, strikka/strikket, sydde osb.)
  • Dersom verbet får endinga -a eller -et i preteritum i talemålet ditt, har du med eit a-verb å gjere.
  • Dersom verbet får endinga -te eller -de i preteritum i talemålet ditt, har du med eit e-verb å gjere.

Eksempel 1

Du lurer på om å sykle er eit a-verb eller eit e-verb. Antakeleg seier du: “I går sykla jeg.” Eller: “I går syklet jeg”. Da kan du vere ganske sikker på at du har med eit a-verb å gjere.

Eksempel 2

Du lurer på om å lyse er eit a-verb eller eit e-verb. På talemålet ditt heiter det antakeleg: “Lampa lyste”. Da har du nok med eit e-verb å gjere.

Øving 3

Plasser verba nedanfor i rett kategori. Sjekk korleis du bøyer verba i talemålet ditt og bruk dette som hjelp når du skal avgjere kva for verb som er a-verb og kva for verb som er e-verb.

Øving 4

Prøv å lage ei historie der du bruker flest mogleg av verba frå øving 3. Historia di skal vere på maksimalt 150 ord. Skriv i nåtid (presens).

CC BY-SASkrevet av Åsa Abusland .
Sist faglig oppdatert 23.04.2019

Læringsressurser

Heilt grei nynorsk